top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Dag 5: Children of Zulu

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 18. feb. 2018
  • 1 min lesing

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt

Denne guten møtte me når me besøkte dei fattigaste av dei fattige.  Han hadde ikkje ein tråd på kroppen.

Det er det ein er nøydd å tenkja når ein er på ein i eit slikt land og slike område me har vore i dag. Dagen har gått med til å dele ut, mat, klede fotballa og snop rundt om i Eshowe. I tillegg har me vore på Zulu-dans og besøkt ei kyrkja bygd av norske misjonærar. Det har vore ein ekstrem inntrykksfull dag. Utanom det lett eg bileta snakka for seg sjølve.

Dette huset vart bygd av nordmann i 1927.  Her bur no ei sjukepleiar, i lag med mora, som jobbar saman med Children of Zululand.  Det er no snakk om å samla inn pengar til å kjøpe dette huset og dei 5 andre husa som tilhøyrer eigendommen og laga ein svær barneheim, men då treng ein 5 milionar pluss

"Love on a stick"

Jenter me tilfeldigvis møtte på siste stoppen for dagen, desse hadde lært seg å posera!

Bestemora til nokre av jentene i Eshowe som har fadder i Norge.  Me hadde med fargerike jakker til dei frå Peru.

Ein av dansarane i Zululand

To av jentene frå den første stoppen vår som har fått nye klede.  Blant anna ei t-skjorte frå Tinestaffeten

Sterkaste jenta i verda.

To av jentene som fekk nye klede.

Nabolaget i nye klede.

Gi meg ein dab.

Dette er ein hund.

Sjukepleiarar som jobbar i lag med Children of Zululand

Ein caps er nok til å sette smilet på ein kar.

Jentene med dei nye jakkene sine.

Jaden, broren til dei to systrene (trur eg) Her har han fått seg solbriller og seinare på kvelden hadde han fått ein fadder i Norge og.

Ungen tykkjer det er kjempeartig med store kamera.  Det gjere jo eg og.

Veldig spennande og sjå kvarandre på kameraskjermen.

Canon 5D MIV

Dette er det nyaste huset Children of Zululand har bygd for ein familie.  Det ser veldig enkelt ut for oss, men det utgjer ein enorm forskjell for dei familiene som er heldige nok til å få eit slikt hus.

Solnedgangen i Eshowe gir flotte motiv for biletetaking

Mora i det nyaste huset som Children of Zululand har bygd i Eshowe.

Knipsar i solnedgang.

Eit fantastisk motiv tykte eg.  Bestemora i tidlegare bilete gir litt av det lite dei har til denne eldre herren som høgst sannsynleg har levd eit veldig hardt liv.

Det var det. I morgon er det safari!


 
 
 

Commentaires


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page