Vik mot Årdal (1-2)
- Terje Målsnes
- 1. sep. 2017
- 4 min lesing
Hatkampen ingen vil tapa!

Dette var veldig keisamt. Årdal snur resultatet frå 16. mai kampen i vår og vert det første laget som reiser frå Vik med 3 poeng. Det er og veldig keisamt og skriva eit referat der ein må vera såpass ærleg å innrømma at Årdal absolutt fortente dei 3 poenga.


Årdal tek leiinga allereie etter 5 minutt når eit langt innlegg frå Christian Stedje går forbi alt og alle i stolpen til Vik og i mål. Etter målet er det ein jamn kamp og Sondre skjerven får vist fram god kontroll på ballen når han kjem seg laus på midten med tre årdøler rundt seg.
Utligninga kjem etter 13 minutt og den er vakker. Duracell-kanina Dag Einar Bøtun bryt på bidtbana, gir til Håkon Skjerven som igjen spelar til Bøtun, han legg ballen til Thomas Hjortland på 16 meteren som tek eit touch og sett ballen til venstre for keeper og i nettet. 1-1





Resten av 1. omgang er jamn og både Årdal og Vik kjem til gode moglegheiter. Årdal er noko nærmar Vik å ta leiinga då dei har 2 langskot som treffer tverrliggaren. Vik på si side hadde ei veldig fint angrep der Thomas Hjortland tvinga fram ein god redning frå Årdal sitt svar på Petr Cech.
Pause
I pausen er det som vanleg mykje aktivitet frå store og små og John Are Flatland vinn den store G-R-I-S konkuransen head to head mot Robert Hovland.
Kampen er i gang igjen og det går ikkje lange stunda før Årdal er i angrep. I det 48ande minuttet kjem ein lang ball mot spissen til Årdal, Hovland går ut for å bokse ballen men er for sein, treff Årdal-spissen og dommar Håkonsen bles straffe. Hovland ikkje einig, men lite hjelp det. Truls Hovland sett ballen til høgre Stig Roar Hovland har gått til venstre og med det er Årdal tilbake i leiinga.






Etter scoringa fell Vik mange hakk og Årdal trykker og trykker på for 3-1. Endå ein gong treff dei tverrliggaren, denne gongen via bakken. Kaptein Hovland har mange gode redningar som held Vik inne i kampen og Joakim Skjerven reddar ein lobb på strekken.
Den fyrste halvtimen av andre omgang har Vik lite og ingenting å komme med i angrep. Ballen går langt mot Hjortland og Saglien, men dei vert stort sett åleine og slit med å kontrollera ballen i krig med sterke årdøl-midtstopparar. Sondre Skjerven vert mindre og mindre innvolvert utover i kampen og prøver å skifta side med Sivert Aase som har komme inn for Håkon Skjerven. Kaptein Hovland manar fleire gonger vikjene til krig, men det er lite svar å få utpå bana.




Dei siste 10-15 minutta er Vik farlegare enn dei har vore dei første 75 og trykker på for utligninga. Temperaturen stig og både Hjortland og Saglien får kvar sitt forventa gule kort. Hjortland bukkar pent og takkar for kortet.
Vik har ein to og tre skrik etter straffe dei siste 10 minutt og i tillegg vert Saglien avblåst for angrep på keeper når nemnte keeper somlar voldsomt med ballen. Svein Erik får gitt ballen til Sivert Aase på 18 meter som vakkert curlar ballen mot nettet, men dommar Håkonsen meinar Saglien brukar ulovlege midlar for å nå ballen. Ikkje uventa er årdølene heilt einige.








Dei tidlegare nemnte straffe-situasjonane var først når Hjortland prøver og tråkke seg gjennom forsvaret til bortelaget og blir såpass hindra at fleire på Vik-benken skrik etter straffe. Thomas held seg på beina og ingen straffe vert gitt. På overtid får me det som er den klaraste straffen på Vik stadion denne sesongen. Ballen er ikkje i nærleiken, men keeperen til Årdal tek tak i the gentle giant og dreg han ned i gummien. Heile stadion skrik på straffe, men verken Håkonsen eller nokon av linjemennene ser forseelsen. Til og med Kaptein Hovland har spurte 100 meter over i bortelaget sin 16 meter for å sei sitt.
Dommaren bles av kampen og me takkar Årdal for kampen. Dei vinn fortent, men kunne fort blitt straffa for at dei ikkje sette sine store sjansar på slutten når Vik pressa og pressa for utlikning.
Årdal var betre enn Vik i dag og det smertar å sjå at Vik ikkje har meir i motoren i ein så viktig kamp. Unnskuldningar kan nemnast i fleng; sjuke spelarar på bana, sjuke og skada spelara heime, knallhard kamp mot Sogndal 2 på måndag. Det har etter undertegna sitt syn lite og sei. Dette Årdal-laget kunne Vik ha slege om dei hadde gått meir i krigen tidlegare. Lett for meg og sei som ikkje var på matta, men eg står for det eg skriv. Vik må vera tøffare, altfor mange spelarar er for pinglete i duellar, snakkar for lite og vil for lite. Årdal ville meir.


Dette er ein kamp som engasjerer og det er veldig tydleg når skiskytingsentusiasten tek turen bort til dommartrioen etter kampen og lurer på kor straffen til Vik vart av. Diskusjonen går etter fløyta har blåst av kampen og som vanleg ser Vik og Årdal benken på kvarandre og lurer på om me har sett på same kamp. Dommaren dømte 90/10 i fordel Vik var det ein trenar som sa. Kampar mot Årdal er heilt grusomt og tapa.
Etter ein utruleg sterk vårsesong har Vik slitt mykje så langt på seinsumaren og det vert ikkje lettera framover når dei tre neste kampane er dei tre lengste bortekampane. Vik må grave djupt!
Stig Roar Hovland var Vik sin beste spelar i dag.

Comments