Vik mot Eid (1-1)
- Terje Målsnes
- 24. juni 2017
- 3 min lesing
Forgje helg vert den ubesigra rekka til Vik bråten då Dale vann 4-1 i ein kamp der Vik fekk marginane mot seg. Dale tok i bruk Vik sin eigen taktikk og kjempa Vikjene i senk på eige gras. Vik mangla blant anna Tarjei Vevle og Thomas Hjortland til denne kampen berre for å nemna det.
Kampen mot Eid starta som eit einaste stort gjesp og utvikla seg til ein veldig spennande kamp som begge lag kunne ha stjåle alle 3 poenga i andre omgang.
Fyrste omgang var som sagt veldig lite interessant og det var langt mellom sjansane. Eid hadde mest ball og kom etterkvart til fleire sjansar. For Vik var det Saglien som var nærmast mål med fleire headingar som enten vart for enkle for keeper eller gjekk over/til side for mål.
Det var Eid som til slutt tok leiinga ved Kristian Lefdal då han mottok ballen inne i Vik sin 16-meter. Eidingen fekk vend seg enkelt og sette ballen i mål frå 5 meter, uttagbar for Stig Roar som hadde fått sikten sin blokka av eigen spelar. 0-1 på kunstgraset i Vik
Eid beheld presset etter scoringa og får eit og anna frispark i farleg posisjon. Vik på si side prøver stadig vekk med lange ballar opp mot Saglien/Hjortland som ikkje klarar å komme til mange farlegheiter i fyrste omgang.
Etter pause gjer Vik det bytte at dei setter Tarjei Vevle ut på kanten og flytter Idar Holen inn i midten. Allereie etter 49 minutt trur heile stadion at Vik har utligna då Sondre Skjerven sler ballen på bakerste etter eit hjørnespark. Der står Saglien og ventar og bør klara å sette den ballen på mål, men den går heller rett utafor målet til Eid. Vik fortsett presset og når Saglien snappar ballen frå Eid og sender ein utsøkt gjennombrotspasning til Hjortland er vikjene igjen sikre på utlikning, men og denne gongen til side for målet.
Så er det Eid sin tur. Frå skrått hold til venstre for målet til Vik skyt dei ballen forbi Hovland, men heldigvis for heimelaget går den i stanga og ut.
Etter 72 minutt kjem Jackson inn for Viljar Andersen. Idar Holen blir no flytta ned på backen til Viljar (Idar sin tredje posisjon i kampen) og Jackson legg seg saman med Saglien og Hjortland. Minuttet etter at Jackson kom inn blir Thomas Hjortland meia ned på veg igjennom forsvaret til Eid. Den påfølgjande korrekt idømte straffen sett Jackson knallhardt rett i mål etter at han har sendt keeperen på røv. 1-1 i Vik.
Dei neste 20 minutta er fullstendig eit einaste stort kaos der gule kort, gode redningar og feil valg står i fokus. Begge lag kunne ha teke alle 3 poenga, men Eid er utan tvil nærmast. Dei to største sjansane til Eid kom etter 85 og 94 minutt. Den første er ein kjempe redning av Kaptein Hovland som går i stanga og ut. Her protesterar Eid kraftig fordi dei meinar at ballen var inne. Dette er ikkje dommaren eller linjemannen einige i og det står fortsatt 1-1. Etter 94 minutt går Vik i angrep, men Eid vinn ballen og har ein kjempemoglegheit. Hovland kjem ut av 16 meteren og det ser ut som at han vinn ballen, men den endar tilbake i beina til ein Eid spelar som prøver å curla ballen forbi dei 2-3 Vik spelarane som stiller seg i vegen. Nok ein gong går ballen i høgre stolpe og ut. Kampen endar 1-1.
Etter kampslutt er det ein av Eid-spelarane som seier nokre heller uheldige ord i retning Vik benken. Dette sett Kaptein Hovland veldig liten pris på og ber den gummi-glade Eid-spelaren halde kjeft og heller sjå på tabellen.
Yngve Hove har vore til spesialist i Bergen og det vart der bestemt at han skulle oppsøka fysioterapeut og trena kneet oppatt utan operasjon. Dette var ein heller merkeleg konklusjon av spesialisten som i følgje Yngve sjølv meinte han burde operert om alt hadde vore svart/kvit. Lat oss håpa dette er rett avgjerd og at Yngve kan finna motivasjonen til å gjera den "kjedlege" jobben det er å trena eit kne opp att.
Vik er etter denne Jonsok-kampen ubesigra på heimebane denne vårsesongen. Det er ein kamp att før ferien og siste kamp går mot Florø 2 på bortebane neste laurdag. Dette blir ikkje ein enkel kamp då Vik må reisa utan Tarjei Vevle, Thomas Hjortland, Svein Erik Saglien og kanskje endå fleire. Me vonar Vik kan avslutta ein vårsesongen over all forventning med 3 poeng.
Om ein ynskjer å sjå fleire bilete frå kampen kan ein gå inn på www.haugenfotball.no
God Jonsok helg til alle

Comments