Dag 2 i Sør-Afrika
- Terje Målsnes
- 14. feb. 2018
- 2 min lesing
Andre dag i Sør-Afrika for min del starta med ein heller oppegåande frukost på Queens Hotel i Oudtshoorn før ein liten tur i nabolaget og forsøk på ei droneøkt over byen, men den vart heller kort då eg ikkje stolte heilt på GPS-en. Medan eg flaug drona kom det faktisk ein kar bort til meg og byrja å spørja litt om flygemaskina. Plutseleg spurte han om eg var frå Norge og det er eg jo så ja svarte eg. Han budde i Alta og snakka norsk, men han var ikkje fødd i Norge. Artige samantreff altså!


Klokka var så vidt passert 9 når me slenger oss i bilen og legger ut på dei 420 kilometerane, med eit par stopp, før me ankom Port Elisabeth forholdsvis seint på kveld.
Dagen hadde eit innlagt høgdepunkt, nemleg ost og vinsmaking på ein svær farm utanfor Knysna. Her vart me oppvarta med nemnte ost og vin, nydeleg vêr og torebyger i horisonten. Den fyrste av 3 vin me fekk var ein Sauvignon Blanc som altså var så god at eg og fleire med meg kjøpte med flaske heim. Eg fekk fortalt at vinen var veldig tør og frisk, men alt eg såg var at den var kvit.

Det vart og litt droneflyning over eigendommen og den filmen kjem snart i vlog-form.

Utanom vin og ost som vart selt på garden hadde dei og 1000! mjelkekyr gåande lengre nede på åkeren.






Vegen vidare gav eit nytt høgdepunkt, ikkje planlagt ein gong. Ei svære bru med endå djupare dal under seg vart til ein fin stopp langs vegen. Drona måtte igjen i lufta. Pappen meinte faktisk at det var litt gyng i brua, men dette la ikkje eg noko merke til.




Etter veldig mange kilometer var me framme i Port Elisabeth, ein by i provinsen Eastern Cape. Byen blir ofte forkorta «PE» og har kallenamna «den vennlege byen» og «den forblåste byen». Den ligg i Algoa Bay og har ei av dei største hamnene i Sør–Afrika. Byen vart grunnlagt i 1820 for å huse britiske nybyggere, og for å styrka grenseregionen mellom Kappkolonien og xhosafolket. Med ein befolkning på 1,3 million og er den no del av Nelson Mandela storbykommune. Byen er vennskapsby med Göteborg, Jacksonville og Palm Desert i California.
Tok inn på gjestehuset Le Blue rett ved stranda. Prøvde meg veldig smått på ein joggetur på stranda når me kom fram, men ein himmel i "fyr" gjorde at eg gjorde ein kjapp retrett for å få mavicen i lufta igjen. Det vart og ein kort tur. Hadde berre så vidt fått fyr ho opp før eg gjorde full retrett på grunn av ei regn- og tordenbyge av dei heilt sjeldne. Men fekk heldigvis teke nokre bilete av hamna.


Me avslutta dagen med eit betre mexicansk måltid i Stanley Street. Tilting Heads kan anbefalast om ein nokon gong er i Port Elisabeth.


I morgon går turen vidare til East London, med stopp i Alexandria og i Port Alfred.
Snakkast plutseleg...
Comments