Vik mot Høyang (4-1)
- Terje Målsnes
- 12. aug. 2017
- 3 min lesing
Haustsesongen starta sist helg bort mot Skavøypollen og det endte til slutt med differansen 6-4 i pollen sitt favør, men det kunne enda så mykje verre for heimelaget var faktisk oppe i 5-0 til pause. Uansett vart det tap i fyrste kamp etter fotballferien og Vik hadde fått noko å bevis inn mot kveldens heimekamp mot Høyanger.

I tilsvarande kamp i vårsesongen vann Vik 3-0 på bortebane og hadde heller ikkje i dag lyst å gi nokre av dei tre poeng til tabelljumboen frå industribygda.
Kampen starta noko rotete frå begge lag, men etter eit korrekt annullert mål til Høyang (offside) tek Vik i stor grad over føringa i kampen. Sondre Skjerven har kjylt i seg ein liter redbull før kampen og har vinger på vingen sin. Han slet dessutan inn fleire gode ballar frå hjørnespark i løpet av fyrste omgang, men Vik klarar ikkje omsetja nokon av dei til mål.
Endre Holstad, som meldte seg til teneste sist helg, vann i dag alle duellar og prøver seg fleire gonger frå distanse. Dog med mindre hell.

Det fyrste målet kjem etter 22 minutt når Ørjan Grov Tveit sler ballen til Thomas Tveit Hjortland som hæler ballen vidare til Tarjei Vevle som ventar ut keeper og legg ballen hardt i keeperhjørna. Mange trekk frå heimelaget der før ein flott avslutning av kjæresten til Marit Wold.
Etter målet er det mykje Vik og forutan eit knallhardt langskot som kaptein Hovland må gi til hjørnespark har ikkje Høyanger komme til nokre sjansar mot Vik.
Førsteomgang var hardspelt og med Lotte mellomrom mellom taklingane. Det nykomponerte forsvaret der ein gamal kjenning har teke plass i lag med Steinar Wold hadde god kontroll på Høyang-angrepet. Marius Valsvik Gjorde ein god figur og hadde nok med litt meir trening omsett fleire innlegg til mål i dagens kamp.

I andre omgang tek Vik fullstendig over spelet og kunne fint ha vunne med tosifra antall mål skal me telja med Vik-briller. Det skulle likevel gå heile 80 minutt før benken og tilskodarane kunne pusta letta ut.
Tarjei Vevle får eit innlegg frå Idar Holen og kan med kløkt og ro sette sitt andre for kvelden. Cecilia blei faktisk så glad etter scoringa at han riv av seg Vik drakten og viser stolt fram det flotte superundertøyet han har på seg for å halde varmen i den kalde augustkvelden. Gult kort der altså.
No kjem måla på løpende bånd, til og med Stig Roar hadde eit utspark som plutseleg vart til ein farleg avslutning og keeper må gi til hjørnespark.

Mål nummer 3 har Stig Roar målgivande på. Saglien, som kom inn for THomas Tveit Hjortland etter 63 minutt, setter frisparket frå midten bak Høyang-keeperen etter83 minutt. Saglien kunne/burde faktisk ha scora med sitt fyrste touch på ballen. Frispark frå midten det og. Saglien får hovudet på ballen, men keeper får hjelp av stanga og det vert ikkje mål i den omgang.
To minutt seinare var det endeleg Sondre Skjerven som skulle få nettkjenning. Han har dansa og dansa på kanten sin heile kampen og kunne med litt betre sluttprodukt ordna mange mål i dag.

Dessverre vart det ein uheldig avslutning på kampen då Espen Tveit Lunde gir vekk ein straffe som Høyang omsett til eit mål og med det vart resultatet 4-1 til Vik. Det er nok ikkje mange som tenkjer så mykje på det trøystemålet Høyang fekk, men Vik kaptein Stig Roar Hovland samlar ikkje berre på sigerar. Hovland vil ha smultringar og dessverre fekk han ikkje den i dag.
Veldig positivt i dag at Vik fekk gi alle på benken nokre minutt på bana.
Kampen store augnabilkk skjedde då Sondre Laluna Skjerven tok seg ein runde med Høyangforsvaret faretruande lik den Suarez tok med Manchester United forsvaret tilbake i 2011. Eg kom fullstendig ut av telling på kor mange han gjekk forbi, men dessverre enda den avsluttande lobben i tverrleggaren og så ut. Tarjei Vevle på den andre kanten kunne enkelt plukka opp ballen, men og han skaut i tverrleggaren. Meget spesielt.

Dette var ein veldig artig kamp og sjå på og ein kan skryte av alle Vik spelarane for innsatsen dei la ned. Teknikken kan me ikkje skryte like hardt av alle for, men når enden er god er alt godt.
Prisen for bana sin beste spelar gir eg til Tarjei Vevle, det var lenge stor kamp med Sondre Skjerven, men to mål, ein kjempe jobb defensivt og offensivt og det faktum at han er makkeren til undertegna på sandvolleyballturneringa i morgon gir han til slutt bestemannsprisen. Det kan dessverre sjå ut som me ikkje får sjå meir til Tarjei denne sesongen. Han har i lengre tid slite med betennelse i eit knitt og dei lange turane vert endå lengre når ein må spela med store smerter. Takk for innsatsen så langt Tarjei og god betring med knitte.
Takk for kampen Høyanger




















ZIKKE...
Comments