top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

10 år med knitti i fatla

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 12. feb. 2018
  • 10 min lesing

Om, viss, hadde eg berre gjort slik og slik i staden for sånn og sånn!

Det er i desse dagar 10 år sidan første gong eg rauk korsbåndet i venstre knitt og nokre refleksjonar er på sin plass. Eg har fått beskjed av diverse kirurgar som har vore inne i knitte mitt at det ser ut som noko dei ser når dei opererer 80 åringar, ikkje 25 åringar som eg var ved det fyrebils siste inngrepet mitt.

2007

Friidrettssatsinga var lagt vekk og planen var å gjera eit ordentleg forsøk på å bli handballspelar. Som ein kar med mellomstore/store ambisjonar på handballbana passa det meg svært dårleg at Vik idrettslag ikkje klarte å mønstre eit herrelag framfor 2007/08 sesongen. Løysninga vart å ta turen til Årdalstangen der eg vart teken imot med opne armar og dei var såpass greie at dei køyrte meg til ferga etter kvar trening så eg slapp å venta til langt på kveld med å komma meg tilbake til hybelen i Sogndal. Treningane var artige og noko meir seriøse enn det eg var vant med heimaifrå og eg følte eg tok små steg og vart betre og betre. I tillegg til treningane med Tangen trena eg med damelaget i Vik og var med på samlingar med Sogn og Fjordane handball (eller kva no det vart kalla).

Om ambisjonane mine var realistiske eller ei kan nok diskuterast, men uansett var det handballbana eg hadde følt meg best på fram til då og når du er 16/17 år gamal trur ein jo at det meste er mogleg. Ambisjonar var det nok av uansett.

Det var første kampen for sesongen og den skulle spelast i Tangenhallen. Ein hall der eg vanlegvis har komme saman med bortelaget og temperaturen alltid var høg og glosene ufine. No sto eg saman med heimelaget i gamle gule og blå drakter og kjente at dette var veldig løge. Det var tross alt første gong eg spela med noko anna lag enn Vik i offentleg konkurranse. Motstandarane for dagen var Eid (det er ikkje siste gong eg skriv om Eid i dette innlegget) og kampen var jamn. Som vanleg var eg noko heitt i toppen og trudde sjølv eg var verdas beste. Hjalp heller ikkje mykje at eg scora det første målet. Eg meinar faktisk at eg var ein del betre i forsvar i denne kampen enn eg var i angrep. Trur eg scora 5 eller 6 mål til slutt, men noko av det eg huksar best er at eg klarte noko så idiotisk som dobbelstuss. Det er flaut det! Kampen var som sagt jamn og det skilte vel ikkje meir enn eit eller to mål heile kampen i gjennom. I pausen sa trenaren Alfred til meg at han ikkje kunne skjønna kvifor eg skulle stå på bakken og skyte med den spensten eg hadde. Dette var eit veldig godt poeng.

Eg spelte nesten heile kampen som midtback, men vart på slutten flytta ut på venstreback då kepper/trenar Alfred bestemte seg for å vera med opp i angrep og demonstrera for oss alle at det ikkje er noko som heiter filming i handball. Du får i allefall ikkje kort for det i handball.

Utan om ein knakande gode flygar frå Sverre (servert av meg) og Alfred sine rimeleg flaue forsøk på å filma seg til to minuttar for motstandaren huksar eg lite og ingenting frå andre omgang. Før det small!

Eg får ballen, bestemme meg, går på utsida av forsvarar, hoppar, får eit skubb i sida, sett ballen i mål rett over hovudet på keeperen. PANG. Skubbet eg fekk i sida spelte koordinasjonen mitt eit godt puss og eg anar ikkje kor eg er i forhold til bakken. Landar med venstre fot som støypt i bakken og får ein vridning som smell korsbåndet tvers av. Kampen vart stoppa, pappen kom ned og dommaren kom bort. Dei fekk meg ut av bana og fekk spelt ferdig kampen. Trur det vart uavgjort.

Me starta ringing etter legevakt, men vart ikkje høyrt og fekk beskjed om å reisa heim og ringe lege igjen om det ikkje vart betre. Når adrenalienet forlet kroppen får eg ein ny leksjon i kva smerter er. Sov ikkje mykje den natta for å sei det slik og kneet vaks seg STORT.

Sundag ringte me legevakten i Vik og kom til. Legen i Vik gav meg sjukemelding frå skulen, noko legen på Voss ikkje var einige i, men eg sa som sant er at eg treng berre ein lege si underskrift for at det skal vera gyldig fråvær. På Voss sjukehus tok dei røntgen, men når det er sener og bånd det er snakk om ser ein ikkje det på røntgen.

Hugsar ikkje så mykje av tida etterpå, men etter kvart vart det MR i Bergen og sett opp til operasjon på Nordfjordeid. Operasjonen måtte eg venta nokre månadar på, men andre veka i januar var eg på plass på operasjonsbordet. Operasjonen var vellukka, men eg måtte bli på sjukehuset i 4-5 dagar etterpå då eg var heilt knekt i kroppen. Svimmel og kvalm av den minste maktanstrengelse.

Tilbake på skulen i Sogndal akkurat i tide til 18 årsdagen og den vart feira med krykker, ei pils og Liverpoolkamp på puben.

Oppattrening stod for tur og det var fysioterapi 3 dagar i veka med veldig mange tolmodsprøvande øvingar. Undervegs i oppattreningar var det og kontrollar på sjukehuset på Eid og fekk heile vegen beskjed om at ting såg bra ut. Etter 3 månadar kunne eg byrja med roleg jogging att og det var heilt magisk. Eg har aldri vore ein som er kjempeglad i jogging, men etter alle desse skadane er det faktisk noko eg saknar noko heilt enormt. Stå opp tidleg på morgonen, snøre på seg joggeskoa og springe rundt Hove. Sette farten opp ekstra ned Elvegata og stoppe klokka akkurat når eg passerar gjerdet inn til Fjordavegen 6.

Allereie etter 6 månadar var eg tilbake for fullt. Seks mnds kontrollen på Eid sa at eg ikkje trengte å sette nokre bremsar på meg sjølv og berre køyre på. Lurer på om dei har gått vekk i frå det å vera tilbake etter seks mnd no. Superspissen Yngve Hove som nett har hatt same operasjon har i allefall fått beskjed om at det kan ta eit år før han er tilbake.

Men tilbake var eg, benketilværet på A-laget var igang igjen og det var utruleg kjekt og frustrerande. Den hausten hadde me og juniorlag i Vik og der vart det mykje meir speletid, men kan vel ikkje sei eg var heilt fantastisk i denne perioden. Hugsa i allefall at eg bomma på ope mål i Lærdal, men og at eit innlegg frå meg enda opp som eit fantastik skot som traff bakerste hjørne i Høyanger. Gustav sa det best etterpå: "Såg du såg opp så då tenkte eg at no legge han endeleg inn".

DEL 2

Det var gått over eit år sidan operasjonen og eg kan ikkje hugse at eg hadde nokre problem med kneet heile denne perioden, men det skulle ikkje vare. Vinterferie på Filefjell gjekk heilt fint med slalom i trekket. Ei veka seinare var det skidag på skulen og det var her det gjekk til helvete. Verste med det var i grunn at eg at eg hadde alvorlege planar om å skulke denne dagen, men bestemte meg til slutt for å reise inn. Første turen gjekk heilt fint, men den løypa me tok ned den andre turen var ikkje preppa og det var ein blanding av laussnø og tettpakka snø. Sette skia fast og vridde kneet, to gonger.

Kom ned igjen og køyrte sjølv til legevakta i Sogndal, eg håpa jo at det ikkje skulle vera så alvorleg for eg hadde det jo ikkje så vondt som første gong eg rauk korsbåndet. Fekk ein del testar av legen, men kunne ikkje sei noko sikkert utan MR/røntgen-bilete. Reiste heim og stakk innom Stig Roar i banken. "Faen og dao, no so du var på gang"

Dette var starten på 18mnd til 2 heile jevlige år, med 3 operasjonar og svake avgjersler frå mi side i opptreningsarbeidet . som sikkert har mykje av skulda for at eg aldri vart heilt bra i kneet igjen etter dette.

Før den første operasjonen, sommaren 2010, gav eg igrunn ein god faen. Eg hadde så lyst å vera med på fotballen og tenkte igrunn berre at korsbåndet er jo allereie råke så om eg er med har jo det ingenting å sei. Eg tenkte ikkje på menisk, brusk og andre leddbånd som fekk kraftig juling på grunn av at eg var ein tosk. Fleire gonger fekk eg vridningar i kneet som gjorde ekstremt vondt, men eg berre fortsatte når smerten og hevelsen gav seg.

Rett etter vidaregåande vart eg "headhunta" til eit vikariat på lensmannskontoret som ufaglært politibetjent. Å eg veit kva ein tenkjer: "er det lov?" Og det var akkurat det eg spurte om og når eg fekk tilbodet om jobben. Lov var det vist, men eg tenkjer at dei angra litt på det valet då eg var sjukmeldt 3-4 månadar av dette året på grunn av operasjonane.

Den andre operasjonen kom som sagt i juli 2009, men dette var ikkje ein korsbåndsoperasjon. Sidan eg hadde operert korsbåndet for berre 18 månadar sidan var det to kanalar som var båra i leddet som ikkje var grodd ordentleg endå. Derfor måtte kirurgane hente bein frå hofta mi og sette desse beina inn i kneet slik at dei skulle gro saman med kneleddet. Dette var noko som kunne ta 3-9 månadar. På første kontroll hadde dei ikkje grodd, heller ikkje på andre eller tredje. Når eg fekk høyre dette var eg langt nede. Eg satt ute i bilen på parkeringsplassen og grein og slå hendene i taket og skreik av full hals. Ikkje berre fordi eg ikkje var klar for nytt korsbånd, men på grunn av dette vart ein tur eg og Øystein hadde bestilt til Costa Rica (4 mnd tur) ikkje noko av. Satan i Helvete altså.

Eg måtte no gjennom ein tredje operasjon der eg fekk bein frå beinbanken (som eg ikkje viste var ein ting) og denne gongen grodde det. Fjerde operasjon kom til sommaren igjen og denne skal og ha vore vellukka. Ny opptrening var igang, men denne gongen var eg mykje meir på eigahand. Etter den første operasjonen vart eg fulgt opp av fysioterapeut 3 gonger i veka, men denne ekspertisen var ikkje i Vik. Ting gjekk tilsynelatande bra, men kneet var aldri slik det var etter første operasjonen og i allefall ikkje slik det var før den første skaden.

Men eg er ikkje ein som har rett til å klaga. Før det første er eg i allefall 90% skuld i alt det som har skjedd med kneet mitt sjølv og for det andre har eg fått gjort og vore med på ekstremt mykje moro og med alle desse problema. Eg spelte og scora første målet på ein fotballturnering for norske skular på Bali i 2011 (tapte finalen på straffar) Eg har vunne Kjempenes liga 2 gonger, (2008 og 2017) både som utespelar og keeper, men eg har og tapt den 2 gongar. Eg spelar volleyball, helst i sanden, badminton og står i mål på fotballtreningar. Mykje av dette er ting eg ikkje bør gjera (ifølge nokre kirurgar), men eg klarar rett og slett ikkje lata vera.

DEL 3

Etter fengselsskulen var eg fast bestemt på at no skulle eg bli fast på A-laget i Vik. Heile 2014 hadde eg trena ekstremt godt og eg vil argumentera for at eg aldri hadde vore i betre form. Men det vart ikkje mykje til A-lagspel på meg. Tett opp mot jul i 2014 var eg på Dampen trening og trivsel Der eg låg på golvet og gjorde nokre enkle øvingar. Heilt ut av ingenting stivna kneet til. Eg skjønte lite og ingenting. Smerten gjekk vekk etter kvart, men kom attende uregelmessig.

Kamp for Vik  2

Ny runde med doktarar, kirurgar og MR. Det var fortalt meg at det var menisken som var problemet. Dette var eg veldig glad for, sidan eg kjenner fleire som har hatt problem med menisken og skal vera ein enkel operasjon med kort opptreningstid. Dette var ikkje sant. Då eg kom til ortopeden i Lærdal vart eg fortalt følgjande: Korsbåndet var så godt som vekke, menisken var øydelagd og mykje av brusken var nedslitt. I tillegg la ortopeden dette fram på ein slik måte at eg følte eg berre kunne sette meg i godstolen og sjå på TV resten av livet. I grunn berre vente til eg måtte bytte ut kneet.

Trur at operasjonen var i mai 2015 dette var ein såkalla samlebåndsoperasjon (det er berre eg som kallar det det) der eg fekk narkose og var på operasjonsbordet i 15-20 minutt. Når eg snakka med ortopeden etterpå sa han at dette var eit veldig skadd kne som vanlegvis er å finna på 70-90 åringar. Eg satt nok ein gong igjen med tanken om at eg no berre måtte sette meg ned å ikkje gjera noko artig.

Problemet med det er at eg ikkje er ein som sett meg ned. Eg har i tida sidan den siste operasjonen spelt fotball (dumt av meg) Volleyball (dumt av meg) Badminton (dumt av meg) og mykje anna. Eg har spelt i turneringar, påskekampar, halta i eit halvt år, vore i Australia, Crossfit-camp i to veker på Bali og gått mykje fjellturar.

Veldig sannsynleg at det berre er eit tidsspørsmål før eg går på ein skikkeleg smell igjen, men håpet mitt ligg no i folk som ikkje aksepterer at det å skifte ut heile kneet er einaste utvegen. Gjennom litt sjølvstudier har eg funne ut at det vert forska mykje på mellom anna stamcelle-terapi for folk med kne- og andre problem. I MMA-miljøet spesielt i USA er dette veldig mykje brukt og meir forskning kjem til å gjera at det vert meir og meir vanleg. Det er mange som spør at kirurgi som på kne og andre ledd snart er eit tilbakelagt kapitel. Allereie 28. februar skal eg få ei såkalla PRP-behandling der ein brukar blodplasma for å stimulere vekst i leddet.

Det vert spennande å sjå kva som skjer i åra som kjem, men ein ting er eg 99% sikker på. Eg skal aldri bytte ut kneet mitt. Eg er fullstendig klar over at dei knea ein får no gir veldig god livskvalitet for dei fleste som får dei. Problemet er at god livskvalitet er relativt. For ein 28 åring er det noko heilt anna enn for ein 48 åring. Og når ein først har bytta kneet sitt er det ingen veg tilbake. Ein amputerar rett og slett kneleddet ein er fødd med.

Dette innlegget er min tur tilbake for å prøve å kartlegge alt eg har gjort galt i forhold til kneet mitt og kor eg skulle gjort noko annleis. Håpar at foreldre som har aktive ungar og ungane sjølv kan læra av mine feil og forstå det at eit år kan kjennast utruleg lenge når ein er i tenåra eller byrjinga av 20-åra, men det er ikkje det. Gjer alt kjedleg skadeførebyggande trening og opptrening. Fokuser på musklane rundt dei utsette ledda; kne, skulder, ankler og rygg. Eg kan lova at det er verdt det når alternativet er å stå på sidelinja eller bla gjennom instagram og sjå alle bilete frå ulike toppturar i sola.

It is not the end of the world...

 
 
 

Commentaires


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page