Lokalen 2017
- Terje Målsnes
- 13. aug. 2017
- 4 min lesing
Lokalen er namnet på den lokale sandvolleyballturneringa som vert arrangert i Vik kvar sommar. På trass av namnet er turneringa open for alle uansett kor dei no måtte vera frå, men me har ikkje lukkast med å lokka mange andre enn dei lokale spelarane til å delta. Unntak finn me for eksempel i 2012 då det var med to lag frå hi sida av fjorden.

Årets turnering var ikkje så veldig ulik dei som har vore dei siste åra, 13 lag fordelt på 12 herrelag og 1 damelag. Sidan me ikkje fekk fleire damer til å delta spelt Guro Myrkaskog og Elida Brekke i herreklassen. Veldig tøft gjort av dei to.
Personleg skulle eg ynskt at me hadde med nok jenter til å ha ein eigen dameturnering og, men det ville seg ikkje i år. Forhåpentlegvis klarar me å ordna på dette til neste sumar.
Vêret på laurdag kunne godt vore betre, men det byrja vindstilt og utan regn. Dette holdt dessverre ikkje heile dagen, men kampane vart spelt og til slutt fekk me kåra vinnarane tidsnok til at me rakk andreomgang av Liverpool-kampen.

I gruppespelet kan ein tydeleg sjå at det ikkje er alle som spelar lika mykje volleyball som dei mest ivrige på "beachen" i Øyane, men lokalen skal vera ein kjekk hendig der alle kan delta og det er veldig moro og sjå dei som ikkje reknar med at dei har mykje til sjanse til å komma langt i turneringa kosa seg i sanden.
Den sjølvkritikken som eg føler er heilt på sin plass her er at me ikkje køyrte noko B-sluttspel. Når det er 13 lag med enda me dessverre opp med at nokre lag berre fekk spela to kampar. Så dette er noko eg vil sjå på til nye turneringar.
Ein anna ting eg ynskjer å få til er å undersøka interessa for å trena sandvolleyball fast i sumarmånadane og då ikkje berre for oss som har vore med dei siste 10 åra. Såg opptil fleire på turneringa som fort kan bli veldig gode med litt vegleiing frå nokon som veit kva dei snakkar om (les Stig Rune m.fleire). Me får sjå kva me får til neste år.

Turneringa
Favorittane innfridde i gruppespelet og me fekk ikkje nokre store overraskelsar i løpet av turneringa. Når det er sagt så var det veldig moro når Guro Myrkaskog og Elida Brekke leia 3-0 over Stig Roar Hovland og Jarle Christensen. Ein anna veldig artig kamp med mange gode ballvekslingar var mellom Sivert Aase/Håkon Vallestad og Bauen Grov Tveit/Idar Holen. Aase/Vallestad gjekk sigrande ut av denne kampen og gjekk med det vidare til kvarten.

Heller ikkje i kvartfinalane kom det nokre overraskelsar. Alle som vann gruppa si og møtte toarane frå ei anna gruppe tok seg vidare til semifinalane der ein gjekk frå å berre spela eit sett til 21 til å spela ein full kamp.

Endre Holstad og Marius Valsvik slo det nykomponerte paret Stig Rune Grønsberg og Svein Erik Saglien utan store problem 2-0 i sett. I den andre semifinalen var det derimot meir spenning. Denne gjekk mellom Stig Roar Hovland/Jarle Christensen og Tarjei Vevle/Terje Målsnes. Den ferske rektoren var tidleg borte til motstandarane og la favorittstempelet over på vår side av bana og sa det var bra det var to set så me fekk spela litt volley. I det første sette førte mange personlege feil, spesielt frå undertegna til at Hovland/Christensen tok leiinga 1-0 i sett med siffera 21-19 (trur eg) Det andre sette var heilt motsatt. Det meste gjekk rett veg for vårt vedkommande og me enda med å vinna sette 21-10. No skulle det berre fortsetta inn i det siste sette, men Hovland/Christensen tok tak i seg sjølv og dei personlege feila kom tilbake for oss. Sette enda 15-13 i favør Hovland/Christensen og dei van med det klare for finalen mot storfavorittane Valsvik/Holstad.






Må nok ein gong ta sjølvkritikk og innrømma at eg ikkje fulgte altfor godt med på finalen då eg hadde minst eit auga på Liverpool-kampen me hadde fått opp på Ipaden. Det første sette var meir som ein sjarmør-etappe som enda 21-14 til Valsvik/Holstad. I det andre sette var det mykje meir spanande og Hovland/Christensen fekk ein betydeleg leiing. Valsvik/Holstad skjerpa seg utover i sette og kom tilbake. Det vann sette til slutt 21-17 og kunne med det smykke seg med tittelen: Sandkongar 2017.

Det absolutt verste eg veit med å arrangere Lokalen er å gå rundt til ulike bedrifter i bygda og spyrja om sponsing. Heldigvis er det veldig mange flotte folk i Vik som gjere den jobben veldig mykje enklare enn den kunne vore. Så ein ekstrem stor takk til Kaikanten, Sogneprodukt, Blix Hotel, Vik elektro og interiør, Folitec, Montal Systems, MX-sport og Yngve Hove. Stort gjort av dykk. Mi ha da i Vik!

Det ser no ut som det kjem til å skje store ting i Øyane i haust. Vik aktivitetspark er på veg til å bli realisert og i den får me ny sand og nye nett. Alt nytt faktisk. Område vert heilt fantastisk når det er ferdig og Lokalen kjem til å få seg ein ny vår, håpar eg. Har og eit stort, urealistisk håp om at det skal vera mogleg å arrangere Lokalen i sentrum under Bringebærfestivalen. Ein kan håpa. Takk for i år og meld deg gjerne på neste år.































Comments