No er det Afrika
- Terje Målsnes
- 13. feb. 2018
- 5 min lesing
Når enden er god er allting godt!
Det er nesten eit år sidan det vart klart at i februar 2018 skulle eg på tur til Sør-Afrika. Då mammen feira 60 årsdagen sin på Blix hotell (utan at ho viste om det førøvrig) vart det klart at eg skulle til Afrika. Mammen og Pappen har i fleire år bidrege til eit prosjekt i Zululand i Sør-Afrika. Og bursdagsgåva til mammen var ein tur til Sør-Afrika. Uforskamma som eg er bestemte eg berre at dette skal eg vera med på. Sommaren kom og me vart invitert til ei facebook-hending om turen. Reiseleiar var Thore Hopperstad og turen byrja tiande februar 2018.

Frå Vik reiste Ola Hopperstad, mammen, pappen og eg.
Eg forsov meg! Eg skulle vera på Øyri kl 07.00 laurdags morgon, men i staden vaknar eg av at mammen kjem inn døra i Prestberget og ropar på meg. TERJE!!!! TERJE!!!!!!!
Heldigvis hadde me massevis av tid, men det er ikkje ein kjekk start på dagen lell. Grunnane til at eg forsov meg var som følger: Dagen før hadde eg eksamen i Sogndal, etter denne reise eg heim og meir eller mindre rett på ettermiddagsvakt på fengselet. Ferdig klokka 22.00 og eg har endå ikkje pakka så mykje som ein einaste bokser.
Kjem heimatt og før eg går i gang med den ordentlege pakking må eg så klart lage til eit bord med alle duppedittane eg skal ha med meg og legge det ut på instagram.
Kjem så i gang med pakkinga og er meir eller mindre ferdig til klokka er 01.30. Det må nett nemnast at eg ikkje brukte alle denne tida på å pakke, men eg hadde eit par andre ting som måtte gjerast og.
Me er tilbake på laurdags morgon og me må ta ei seinare ferge på grunn av forsovinga mi (det som skjedde var at eg hadde mobilen på lydlaus, og då funkar vist ikkje vekkerklokka på samsung) . Me plukkar Ola opp på Vangsnes og har masse god tid til ferga. Eg brukar tida på ein liten droneflygning opp til Fritjof den Frøkne.
Det skjer ikkje noko serleg spektakulert resten av turen, og me kjem fram til Gardermoen med fleire timar til gode til flyet. Eit par kaffikoppar og møte med resten av reisefølgje seinare har me sjekka inn bagasjen og teke turen inn på internasjonal flygning. Hina no skal det gå galt! Det er endå ein passkontroll før me kan gå til gaten vår. Ei veldig hyggeleg polititenestekvinne seier at passet mitt er meldt sakna. Eg forklarar at då eg var i Praha i fjor haust møtte eg melde passet mitt sakna som ein følge av at eg ikkje kunne finna det. Det som skjedde berre timar etter at det passet var meldt sakna hjå Tjekkisk politi var at Egil Rune og eg gjorde eitt siste tappert forsøk på å finna passet mitt, og det gjorde me. Tilfeldigvis fekk me kontakt med ein kar som jobba på den siste baren me var på i Praha kvelden før og han fann sekken min inne på baren og passet var i sekken. No er det lett og tenkje at han Terje er jo den største idioten som går i mannsklede. Kven er det som tek med seg passet sitt ut på ein fuktig kveld i Praha. Hundre prosent einig her, men den einast unnskuldinga eg har er at eg reiste ut frå hotellet tidleg på dag og hadde all verdas planar om å returner til hotellet og legge frå meg sekken før resten av kvelden skulle starte. Slik gjekk det altså ikkje, men som sagt så fekk eg passet tilbake og når eg vart tilbake på norsk jord ringte eg til politiet forklarte situasjonen og fekk då fortalt at det var greitt å fortsette å bruke passet mitt.
Men det var vist ikkje det likevel! Relativ lita ventetid og eg vert vinka tilbake til skranken til den tidligare nemnte polititenestekvinnepersonen. Ho fortel meg at eg ikkje kan reise på dette passet. Eg må no reise ned til politiet ved bagasjeutsleppet får å få meg naudpass. Det skal og nemnast at eg ikkje akkurat hadde veldig god tid til flyet skulle ta av. Eg kom meg ned til politiet, ringte på, forklarte kjapt situasjonen. "Hvor skal du?" "Cape Town, Sør-Afrika" ""Sør-Afrika tek ikkje naudpass!"
Det stemmer, Sør-Afrika aksepterer ingenting anna enn maskinlesbare pass. Det var no 100% klart at eg ikkje kom til å vera med på det flyet eg har venta på i 11 månadar. Ringer mammen og forklarar situasjonen. Ho er ikkje voldsomt begeistra. Etter litt snakk med mammen og Thore er eg ein ny tur innom politiet og dei er veldig hjelpsame. Dei har medan eg har vore ute ringt til alle dei kunne ringa til får å få meg ombord på det flyet; Kripos, Interpol, Schengen, Erne, Jens, Zuma osv. Ingenting var hjelp i. Slik eg fekk forklart det verkar det som at han i politiet eg snakka med etter Praha-turen berre har sjekka i det norske passregisteret, men sidan eg meldte det sakna i Tjekkia stod det på ei anna internasjonal liste at det var sakna. Uanlell var det ingenting å gjera før måndag. Då hadde eg ein liten sjanse gjennom eit prøveprosjekt dei har i Oslo som heiter provisorisk pass. Dette er eit naudpass dette og, men maskinlesbart.
Inntil vidare var det berre å ringa Anita og få seg ein sofa å sova på dei neste to nettene. Eit flytog og ein taxi seinare var eg framme hjå huldra frå Fjorden og der vart eg varta opp med kald pils og lunka carbonara. Heilt nydeleg! Så var eg i gang med ringing til Ethiopian Airlines og ein god time seinare hadde eg fått bekrefta at eg har ein plass på flyet 18.45 på måndag, men kredittkortet mitt ville ikkje virka så eg måtte møte opp på kontoret deira på måndag.
Anita og eg tok oss ein pubcrawl som stoppa på ein pub. Nokre drinkar og timar seinare var me på luftmadrass og sofa. Sundagen gjekk med til eit mexicansk måltid ute på løkka og resten av dagen på sofaen.
Måndag
Rett på Grønland politistasjon eller kva den no heiter. Ein time i kø før eg fekk beskjed om at eg var i feil kø, ny halvtime i kø og etter litt om og men fekk eg eit såkalla provisorisk pass. Problemet her var at eg ikkje hadde noko reisedokumentasjon sidan Ethiopian Airlines ikkje hadde sendt meg den mailen det var meininga eg skulle få. Berre takka vera detaljeprogrammet eg hadde fått av Thore på mail fekk eg passet. Politiet sa faktisk til meg at dei ikkje var sikker på om dette passet vart akseptert i Etiopia, Sør-Afrika og/eller Dubai. Har godt bra i 2/3 så langt!
Etter passet var innkassert tok eg ein taxi til Ethiopian Airlines og fekk betalt for ombookingen. Så var det rett opp på Gardermoen og mange kaffikoppar seinare var eg i lufta.

Alt gjekk bra nedover og flyplassane i Etiopia og Sør-Afrika er så langt dei beste eg nokon gong har vore på. I Etiopia var dei effektive som fy i sikkerheiten, slapp å ta ut drona mi og kameraet mitt av sekken. Dei såg faktisk berre dumt på meg når eg spurte. I Cape Town var faktisk bagasjen min på samlebåndet før eg var kommet ut, og eg var raskt av flyet. Det har eg aldri opplevd før!.

Vart plukka opp av resten av gjengen og så var det rett av gårde for 400 pluss kilometer i bil.
I 9 tida var me framme i Oudtshoorn, ein liten by på 61 507 innbyggjarar (2011)
Det var dei første dagane av turen. Resten vert kjekkare.
Terje!
Comments