top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Vik mot Bremanger (3-0)

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 5. juni 2017
  • 4 min lesing

7 av 7.

Har det nokon gong skjedd tidlegare? Stig Roar meinte at det kanskje skjedde i 1995, men her må me undersøka litt meir. Dette var ein kamp som Vik burde vinne då det har versert litt misnøye rundt i bygda etter at kampen vart flytta frå laurdagen til måndagen. Det er vel ikkje noko poeng å finna på nokre unnskuldningar. Kampen vart flytta fordi Vik-spelarane ville delta på festlegheitane som føregjekk i forbinding med den årlege gamalostfestivalen. Ein ofrar mykje tid og energi som spelar i 4. divisjon og dette er gutar som har lyst å delta på det som skjer i heimbygda ei helg mange kompisar er heime. Det som bør jobbast med å få orden på til dei kommande sesongane er at Vik bør få spela heimekamp fredagen under gamalostfestivalen (og bringebærfestivalen). Dette er mi personlege meining og eg snakkar ikkje for verken Vik idrettslag eller fotballgruppa i dette utsagnet.

Heldigvis slo ikkje denne helga negativt ut under kampen i dag, det var kanskje nokre bein som var tyngre enn dei burde men når alt er sagt og gjort vann Vik kampen fortent 3-0 over eit noko redusert Bremanger som dessverre berre kunne stilla med ein innbyttar til dagens kamp.

Forandringar frå sist kamp er at Tarjei Vevle startar og Thomas Hjortland får litt meir av ein vingrolle med Svein Erik Saglien i spissrolla og Sondre Skjerven på den andre vingen. Ellers er det mykje dei same som startar for Vik i ein 1-4-3-3/1-4-5-1 oppstilling.

Fyrste omgang starta med eit bra press frå Bremanger og Vik sleit med dårlege valg og upresise pasningar. Taklingane var harde og til tider for seine og Tarjei Vevle som fekk sin fyrste kamp frå start denne sesongen pådrog seg eit tidleg gult kort. Steinar Wold og Tarjei Vevle prøver å snakka opp spelet til Vik og manar lagkameratane til å prestere betre og jobba hardare.

Det er ein og anna sjanse i fyrste omgang til begge lag, men lite som er problematisk for keeperane. Ein situasjon som Bremangerspelarane protesterte sterkt på var då Vik-keeper Stig Roar plukka opp det dei meinte var tilbakespel frå eigen spelar. Hovland på si side meinar at ballen aldri var meint som ein pasning til han og han derfor ikkje braut nokre reglar med å plukka den opp med henda. Dommar Håkonsen tydelegvis einige.

I pausen fokuserer trenar Aleksander Valsvik på at innsatsen må opp og pasningstryggleiken forbetrast. Kaptein Hovland er einig og meinar Vik tek dette om dei spelar slik dei har gjort tidlegare i sesongen.

Taktisk bytte til andreomgang då Vik legg om til 1-4-4-2 med Hjortland som partner for Saglien på topp og Idar Holen på vingen til Vik.

Og det går ikkje lang tid i andre omgang før Vik tek leiinga. Sondre Skjerven sler ein tunnel på ein Bremanger forsvarar som Thomas Hjortland plukker opp. Innafor 16 meteren tek Thomas seg god tid og skyt hardt høgt i høgre hjørna. Bremanger-keeperen er på ballen, men klarar ikkje hindra nettkjenning for Vik.

Etter målet er det ein periode der Bremanger kjempar seg meir inn i kampen, men klarar ikkje og overlista Hovland i Vik sitt mål. Nærmast var dei nok då dei kom seg forbi Stig Roar, men heldigvis var Joakim Skjerven på streken og redda smultringen for Vik.

Vik fekk 2-0 etter eit innlegg/skot frå Sondre Skjerven og det var lenge uvisst om Sivert Aase fekk ei tå på ballen. Sondre står fram som ein større mann enn centimeterane hans skulle tilseie og har skrive til referatskrivaren at målet er Sivert sitt.

På slutten vart det tendensar til kaos på bana då ein Bremanger-spelar fekk seg eit godt kutt i hovudet etter ein duell med Stig Roar Hovland. Det vart mykje blod og undertegna måtte ta på seg rolla som sjukepleiar i nokre minutt og fekk dermed ikkje med seg kva som føregjekk på bana.

Det gjekk fint med Bremanger-spelaren om ein ser vekk ifrå dei stinga han mest sannsynleg måtte sy etter kampen.

Innbyttarene i dagens kamp var Thomas Dupp, Jackson Balotelli, Erlend og Sivert Aase og Vegar Halset. Ein sterk benk med andre ord.

Heilt på tampen la Svein Erik Saglien på til 3-0 etter innlegg frå Jackson Balotelli og eit taktisk overhopp av Sondre Skjerven. Ferdigscora som Svein Erik sjølv sa.

Steinar Wold var bana sin beste spelar etter mitt syn. Styre spelarane framfor seg på ein utmerka måte og hjelper heile laget med masse god snakking, fantastisk blokkeringar og vunne duellar. Har denne sesongen utvikla eit fantastisk samspel med Ørjan Grov Tveit der dei utfyller kvarandre og sikrar kvarandre veldig bra.

Neste helg skal Vik spela heimekamp mot serieleiar Stryn som, akkurat som Vik, står med 21 poeng etter 7 kampar og har 28-9 i målforskjell. Vik på si side har 17-3 i målforskjell. Dette kan verta ein uttruleg underhaldande kamp der laget som går sigrande ut av kunstgraset i Vik står att som serieleiara med 3 poengs margin. Stryn kjem nok til å vera ekstremt fokusert heile veka for å bli dei fyrste som tek poeng frå eit Vik-lag i storform.

Nye 3 poeng

Ny Smultring

Ny ZIKKE

Nok ein gong vil Vik sitt A-lag gratulera dette ToskaHove med 30 årsdagen i dag. Du e gode Gøggao.


 
 
 

Commentaires


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page