top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Vik mot Tornado Måløy (3-2)

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 28. mai 2017
  • 3 min lesing

Dette var kampen då 5 vart til 6. Seks sigerar av seks moglege i Kretsligaen 2017 for Vik. Me er på andreplass på tabellen, berre slegne på målforskjell av Stryn som har sterke ambisjonar om å returnere til 3. divisjon. Vik holdt ikkje nullen i dag, men herrejeremi det bryr me oss fint lite om etter ein så deileg slitesiger.

Tornado Måløy gjekk rett i strupen på Vik og hadde allereie etter 5 minutt scora det fyrste bortemålet for sesongen på kunstgraset i Vik. Heldigvis fann Stig Roar ut at om han ikkje kan vera smultringsmann så får han ta på seg rollen som assistmann i staden. Eit langt utspark, som han er så kjent for, gjekk heile vegen til Thomas Hjortland på topp som sette ballen inn bak Måløy-keeperen. Og med det var me like langt.

At det berre sto 1-1 til pause i denne kampen er eit lite mirakel. Begge lag hadde stolpetreff og mykje som fort kunne blitt farleg med litt betre timing og presisjon. Det må vel seiast at det var Måløy som hadde flest sjansar, men vikjene var ikkje langt bak. Blant anna med Thomas Hjortland igjen som gjekk forbi keeper, men fekk ein før skrå vinkel på mål og avslutninga vart redda på strek. Tornado på si side kom mykje rundt på kantane og la gode innlegg dei ikkje klarte å omsetja i målsjansar.

Til andreomgang gjer Vik eit bytte og det er ikkje nokon kven som helst som kjem inn for Sivert Aase. Tarjei Vevle er tilbake i kvitt og blått. Etter nokre veker i tenkeboksen har Tarjei bestemt seg for at det er Vik han skal sparka ball for og denne sesongen.

Bytte har ein umiddelbar effekt då Tarjei har fått med seg at Sondre Skjerven blei veldig lite nytta av Vik i fyrsteomgang vert dette no retta på. Tarjei og Sondre kombinerer fleire gongen oppover på kanten, men kjem dessverre ikkje til veldig mange farlegheiter.

2-1 til Vik! I det 60ende minutt får Vik hjørnespark. Sondre tek det og etter å ha vore innom Thomas Hjortland på vegen dukkar ballen opp hjå ein umarkert Svein Erik Saglien på bakerste stolpe som enkelt kan sende Vik opp i leiinga.

Men heller ikkje denne gongen klarte det ledande laget å halde lenge på leiinga. Tornado Måløy kombinerer kjempefint og avsluttar til side for Vik-keeper Hovland. Veldig bra spel av Måløy.

Dessverre for Måløy kan det verke som at dette Vik laget har gløymt korleis det er å tapa poeng og etter 80 minutt fyrer Idar Holen av ein avslutning som går i stolpen, via keeper før Thomas Hjortland er først på returen og sender Vikjene til himmels!

Resten av omgangen er eit einaste stort kaos, med mykje skriking og endå meir springing. Midtbana til Vik tek tak og som Idar Holen sa etter kampen; Når dei andre blir sliten startar eg turboen. Idar, Alek, Tarjei og Sondre sprang og sprang og så sprang dei endå meir. Tornado kom til eit par store sjansar og kunne på det som etter mitt kjønn må ha vore overtid av overtid av overtid.

Men det holdt altså heilt inn og Vik har endå til gode å tape poeng i årets 4. divisjon. Tusen takk til Tornado Måløy for kampen. Dei gjer ein fantastisk jobb og kjempar som ville dyr. Akkurat slik me likar det!

Zikke Zakke blir aldri gamalt

Thomas Hjortland kårar eg til banas beste spelar med 2 mål og ein målgivande. Og sjølv med dette var ikkje kongen av Feios nøgd. Etter kampen var han meir frustrert over dei sjansane han ikkje sett enn dei han sett. Dette vitnar om ein fotballspelar som alltid prøver og bli betre og det kan me lika.

Neste kamp går på laurdag under Gamalostfestivalen og me håpar å sjå nettopp deg på kampen. Me treng all hjelp me kan få.


 
 
 

Comentários


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page