top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Vik mot Sogndal 2 (1-0)

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 12. mai 2017
  • 2 min lesing

Det kunne jo ikkje vare. Før eller seinare måtte Vik bita i det sure eple. Etter tre sigrar av tre moglege. Etter tre 3-0 sigerar måtte Vik sitt A-lag i dag nøya seg med ein 1-0 siger.

For ein utruleg spanande kamp. Sogndalbenken ville ha det til at Vik skora på den eine sjansen dei hadde. Det som viste seg var at den eine sjansen og det ein målet var nok.

For me må jo berre innrømma at me i dag ikkje sette Sogndal 2 keeperen på veldig mange prøvelsar. Utanom målet skora av Sondre Skjerven var det stort berre nesten for Vik på diverse dødballar.

Nokre Sogndal-supportarar ville ha det til at dei hadde vunne med det laget dei hadde mot Skavøypollen. Vik kan og gjerne snakka om at Thomas Hjortland og Sivert Aase ikkje var med til dagens kamp, men det treng me ikkje for me vann med det laget me kunne stille.

Vil ein lesa om sjansar, bytter og så vidare kan ein gå inn på www.firda.no/live.

Det som blir fokuset i dette referatet er den defensive jobben Vik legg ned. Sogndal prøver å trilla ball, komme ut på kantane og til innlegg. Uansett kor langt inn i andre omgang det går prøver Sogndal og trille ball og blir lite direkte i spelestilen.

Vik spelarane spring og spring. Og dei slit seg ut. Og når dei er heilt tomme så spring dei litt til. Dei ofrar seg i duellane, dei blokker skot og dei kjempar sigeren i land.

I følge Fredrik Skogsrud har ikkje Idar Holen slege ein finare pasning på fleire år enn den han slo til Sondre Skjerven som resulterte i vinnarmålet. Og det med "feil" fot.

Asgeir Fosse Refsdal, Steinar Wold, Ørjan `Bau`Tveit og Joakim Skjerven utgjer i dag ein bakfirar som ryddar unna nesten alt Sogndal 2 kjem med. Joakim plasserer seg meistarleg, Ørjan er oppi motstandarane og let dei ikkje få fred, Asgeir spring til krampen tek han og Steinar gjer alt dette pluss at han dirigerer heile laget med fantastisk stemmebruk og tilstedeværelse (korleis skriv eg det på nynorsk?)

Når desse fire,som fekk god hjelp av resten av laget, ein gong i blant traktar feil og slepp nokre ballar forbi seg har Vik verdas nestbestekeeper bak seg som ryddar opp i resten.

Underteikna skraut litt av Stig Roar Hovland etter sist kamp, men han slepp ikkje unna i dag heller.

Stig Roar Hovland er 38 år med erfaring, pondus, usaklege utsagn og ein fantastisk energi. Stig Roar er Kapteinen med kjempestor K. Og i dag er han Vik sin beste spelar. Han plukka eller boksa innlegg, han sleng seg etter ballar, han stoppar kontringar og han reddar Vik i ei rekke ein mot ein situasjonar. I tillegg til dette diskuterar han roleg og beherska med dommaren når det er noko han ikkje er heilt samd i.

Ein lagsiger gjekk i hamn takka vera Stig Roar som no har 4 smultringar av 4 moglege. Eg lurer på om det er fyrste gong Vik har starta ein sesong med fire kampar utan å sleppe inn mål.

Gratulerer til Aleksander, Stig Roar og resten av gutane.

ZIKKE!

PS: Yngve Hove har fått time av knespesialist på Haukeland den 14. Juni.


 
 
 

Comments


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page