top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Vik mot Førde 2 (3-0)

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 7. mai 2017
  • 5 min lesing

Det er endå tidleg. Det er berre spelt tre kampar, men eg vil veldig gjerne minne alle på kvar Vik er tippa i år av Firda og Sogn avis sine "ekspertar"; Sist og nest sist. Akkurat no leiar Vik tabellen med 9-0 i målforskjell. Vik med kaptein Stig Roar Hovland i buret har ikkje slept inn eit einast mål i 2017. Ikkje eit einaste mål! Stig Roar seier han har klypt ut tabelltipset til dei to lokalavisene og bruker dei som motivasjon for trening og kampar.

9-0 i målforskjell. Tre kampar er vunne med 3-0. Stig Roar har dei siste vekene fått så mange smultringar at han er byrja å springe intervallar etter kamp for å halda vekta nede inn mot bikinisesongen.

Dagens kamp kan du blant anna lese om på: https://www.firda.no/fotball/live/#/

Det er underteikna som førte oppdateringa så nokre usaklegheiter er det å finne. (klarar ikkje alltid styre desse impulsane)

Kampen

Underteikna sette seg i dag på VIP-tribuna til Terje Johnny Tveit og Liv Hege Grov. Der blei eg varta opp med kaffi og bollar og hadde det som ballen i nettet. Ikkje berre var oppvartinga frå vertskapet upåklageleg, men utsikten til kampen var og fyrsteklasses.

Trenar Aleksander Valsvik gjorde eit bytte frå bortekampen mot Høyanger sist laurdag, men stilte ellers med det same laget som vann 3-0 på Sletta. Den eine forandringa var at Asgeir Fosse Refsdal kom innatt på laget på bekostning av Viljar Andersen som tok plass på benken til dagen sin kamp.

Førde 2 starta kampen utan tvil best. Dei ville spele langs bakken og fekk dei fyrste 15 minutta Vik-spelarane til å springa i mellom. Det var faktisk ikkje før det var gått nermare 20 minutt av fyrste omgang at Vik var på besøk i Førde 2 sin 16-meter.

Midtvegs i omgangen kom Vik mykje meir med i kampen og rett etter at Førde 2 misbruker ein sjanse til å gå opp i leiinga er Idar Holen frampå og forsøker seg med eit skot som treff tverrleggaren frå omtrent 20 meters hold.

Mot slutten av omgangen tek Førde 2 meir og meir over banespelet igjen og utanom nokre ufarleg skotforsøk rett på Keeper Hovland eller til side for mål hadde dei ein kjempesjanse rett før pause som Ørjan Grov Tveit blokkerer meistarleg til hjørnespark.

Pause.

Vik gjer eit bytte til andre omgang då Svein Erik Saglien kjem inn for Sivert Aase. Med dette bytte var det nok fleire enn underteikna som teinkte at Vik no ville satsa meir på lange ballar opp til den storvokste veteranen som spissmakker Thomas Tveit Hjortland kunne springe på.

Allereie etter 2 minutt av omgangen hadde Førde 2 komme til ein kjempesjanse der dei rett og slett bomma på ope mål.

Dette skulle visa seg og kosta dei dyrt for i det 51. minuttet er Vik sin spelande trenar, Aleksander Valsvik, på rett plass til rett tid. Hjørnesparket frå Sondre Skjerven landar etter litt om og men framfor Alek som sender Vik i føringa.

Vik spelar godt dei neste minutta utan å komma til dei klaraste sjansane. Saglien og Sondre Skjerven har begge sine forsøk på å overlista Førde 2 keeperen.

Hovland Show! For utan om eit oppofrande forsvar er det ein ekstremt viktig grunn til at Vik endå står med 0 baklengs etter 3 serierundar. Den grunnen er kaptein og keeper Stig Roar Hovland. På 2 minutt hadde den 38 år unge veteranen like mange fantastiske redningar og det er berre ergeleg at underteikna ikkje var klar med kameraet på desse redningane. Fantastisk Stig Roar!

Kanskje litt imot spelet sin gang, men det er Vik som går opp til 2-0 etter 63 minutt. Sondre Skjerven får ballen på venstre side av 16 meteren. Dreg seg forbi ein mann på ekte Coutinho-vis og curlar ballen forbi keeperen. Meistarleg av Sondre.

Det er no mykje Vik og Thomas Hjortland har fleire gode avslutningar som tvingar fram gode redningar frå motstandaren sin keeper.

Erlend F. Aase har komme inn for Jackson Bayubahe.

Storebror Håkon Skjerven har komme inn for Førde 2.

Endeleg skulle den sitte for Thomas Hjortland og. Etter 77 minutt sett han ballen i nettet via Førde 2 keeperen og Vik er opp i 3-0 for tredje gong denne sesongen.

Viljar Andersen, Vegar Halset og Espen Tveit Lunde vart bytta inn etter 81, 83 og 87 minutt av kampen.

Det var nokre fleire sjansar i kampen, blant anna ved Saglien som nesten bøygde stolpen med eit knallhardt skot frå 5 meter. Ellers var Sondre Skjerven til stadigheit ein trussel på kanten sin.

Det skulle ikkje bli fleire mål i kampen verken for eller imot heimelaget. Førde 2 hadde nokre fleire sjansar, men heldigvis gjekk ingen inn. Stig Roar blir så sint om han ikkje får smultringen sin.

SLUTT.

Bana sin beste spelar i dag blir for underteikna Sondre Skjerven. Raudluggen har teke store steg denne sesongen og er eit konstant uromoment for alle motstandarar. I tillegg arbeidar Sondre knallhardt og legg ned mange kilometer i løpet av ein fotballkamp.

Det var i hard konkurranse med Steinar Wold og Stig Roar Hovland prisen gjekk til Sondre i dag. Steinar med sin rutine styrer både forsvaret og midtbana med gode beskjedar og plasserer i tillegg seg sjølv "alltid" rett slik at han får klarert ballen vekk frå farlege områder. Stig Roar er matchvinnaren i mål som er sikkerheita sjølv dei gongane Steinar og resten av forsvaret ikkje rekk fram i tide. Han held i dag fyrst laget inne i kampen i fyrste omgang før han held laget i leiinga i andre omgang med fantastiske redningar. I tillegg til dette er han veldig pen og sjå på.

Kvifor har Vik fått slik ein "flying start" på sesongen når dei vart dømt nord og ned på førehand?

Underteikna trur dette har med utviklinga i laget å gjera. Det er fleire spelarar på trening, det er fleire spelarar på kampar og det er blitt fleire karakterar med i laget. Eit lag treng spelarar som vil vinna og som viser med kroppen og munnen at dei ikkje godtek at lagkameratane gir noko mindre enn 100%. Dette har Vik hatt lenge i Stig Roar, men fleire av dei yngre har no byrja å ta dette inn i spelet sitt. I tillegg er Thomas Hjortland ei ny stemme som alltid manar til innsats.

Vik har ikkje lenger eit lag. Vik har ein stall.

Yngve Hove, Fredrik Skogsrud, John Are Flatland, Tarjei Vevle, Endre Holstad, Thomas Jenssen, Marius Valsvik og Henrik Holmberg er alle spelarar som står i Vik, men som av ulike grunnar endå ikkje har vore med laget. STALL!

Det er endå tidleg, det er berre spelt 3 kampar, men min påstand er at Sogn Avis og Firda skal få svelge påstandane sine om eit Vik som må kjempe i botnen av tabellen.

ZIKKE!!

 
 
 

Comments


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page