top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Høyang mot Vik (0-3)

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 28. apr. 2017
  • 4 min lesing

Me startar med ein kjapp oppdatering på superstjerna Yngve Hove. Han var i dag til Bergen og fekk teke eit MR-bilete av det skada kneet. Ikkje nokon doktar som har tolka bileta endå, men ting går framover med den overkroppsterke spissen.

Yngve og Sivert på ferga "Lærdal"

Til året sin første bortekamp reiste Vik med den nye flotte idrettslagsbussen med sjølvaste Jostein Vallestad som sjåfør. Jostein er som dei fleste sikkert veit faren til Sondre og tidlegare A-lagsspelar Jonar Skjerven.

Med seg til kampen hadde Vik fått Steinar Wold som hadde rista av seg sjukdommen som held han heime frå sesongpremieren sist laurdag. Han sesongdebuterte i midtforsvaret.

Ein som dessverre plukka opp sjukdommen til Wold var Asgeir Fosse Refsdal som ligg under dyna med varmeflaske og IPad. Me ønskjer bonden på dalen god betring.

Laga:

Vik

Stig Roar Hovland

Viljar Andersen - Steinar Wold - Ørjan Grov Tveit - Joakim Skjerven

Sondre Skjerven - Idar Holen - Aleksander Valsvik - Sivert Fjærestad Aase

Jackson Bayubahe - Thomas Hjortland

Høyang

Johansen

Breidvik - Olsen - Alrek - Torvund

Norevik - Maureira - Dingsøyr - Loftesnes

Måren - Værøy

Kampen:

Førsteomgang var i grunn veldig jamnspelt og det vart tidleg klart at dette ikkje kom til å bli ein kamp med masse finspel. Grasbana til Høyang var veldig ujamn og motvinden Vik spelte med i denne omgangen var det vanskeleg å venna seg til.

Thomas og Jackson på topp prøvde mykje og kom til ein og anna brukbar moglegheit. Og det var nettopp desse to som skulle vera avgjerande då Vik gjekk opp i leiinga. Jackson tek med seg ballen og dribler av ein og to Høyang-spelarar før han blir teken rett utanfor 16-meteren. Heldigvis er Thomas like i nærleiken og snapper opp ballen og sett den i nettet bak keeperen til dei raude. Veldig bra bruk av fordelsparagrafen av dagens kampdommar der altså.

Utover dette var det mange lange ballar og ein hard kamp dei første 45. Hjørnespark og andre dødballer var og eit konstant element gjennom omgangen.

Keeperen til Vik, Stig Roar Hovland, hadde ein relativ roleg kamp, men måtte ut i full strekk ved eit par anledningar i førsteomgang og held slik Vik i leiinga til pause.

Fokuset i garderoben var nettopp å halde fokus og å i endå større grad gå i krigen i andre omgang då Vik spelarane rekna med at Høyang ville prøva på ein stor offensiv i starten av dei siste 45 då dei ville rette opp regnskapet frå første omgang framfor eigne supportarar.

Dessverre for Høyang har Vik feiosingen Thomas Hjortland på topp og spissen skapar på eiga hand forvirring i forsvaret til Høyang og utnyttar ein usikker midtstoppar innanfor 16-meteren. Sett 2-0 før minuttet er spelt av andre omgang.

For å gi ein liten peikepinn på kor fæl vinden var på sletta i dag kan me nemne at Høyangmålet bles ut av plassen sin då 70 minutt var spelt.

Ikkje før er målet sett på plass igjen så kjem Viljar Andersen inn i bana og testar skotfoten frå 40 meter. Han får kjempetreff og keeperen er nøydd å gi hjørnespark.

Heldigvis har Vik ein kar som kan slå hjørnespark i Sondre Skjerven og ein kar som kan stange i Steinar Wold. 3-0 til Vik.

Kampen går mot slutt og utan om innbyttene til Vik i form av Erlend Fjærestad Aase for Jackson, Vegar Halset for Thomas og Espen Tveit Lunde for Joakim er det ikkje allverda å skriva heim om.

Espen sesongdebuterte altså for Vik og utanom nokre gode klareringar fekk den muskuløse feiosingen verkeleg vist fram kastarmane sine. Langt inn på 5 meteren til Høyanger kom det beste kastet til Espen. Spørst om det blir fleire Stoke-taktikkar frå Vik framover!?

Ein anna som sesongdebuterte var Steinar Wold og han spelte ein veldig god kamp der han fekk ei lang tå på mange viktige ballar som fort kunne enda i farlegheiter.

Og siden me snakkar om dei som sesongdebuterte i dag vil eg skrive litt ekstra om Viljar Andersen som i dag spelar sin beste kamp for Vik noko sinne. Spesielt i første omgang var det veldig mykje som skjedde på backen til den høgrøyste Gildhusingen. Lensmannssonen gjorde ikkje ein feil, vann duellar og sklei fleire gonger inn og stoppa farlege angrep. I tillegg hadde han det knallharde langskotet som enda i hjørnesparket som vart omgjort til mål av forsvarskollega Steinar Wold. Viljar hadde og eit par andre nesten-sjansar på dødball denne kampen. Det siste eg skal sei om Viljar er at han i dag gjer noko som er utruleg kjekt å sjå. Sjølv i slik ein slitekamp kan ein tydeleg sjå at han kosar seg på bana. Måtte dette fortsette for Viljar.

Kapteinen Stig Roar, i bilen på veg til Bergen, drog fram den fantastiske defensive innsatsen til alle på bana. Ein fantastisk lagsiger. Heller ikkje i denne kampen kjem me unna å kåra Thomas Hjortland til bana sin beste spelar.

På eit av løpa til Hjortland sender han ballen i førevegen, spring forbi oppassaren sin og ut på løpebana på sletta. Han fortsett å springa ein god 60meter på løpebana før han hugsar at det er fotball han er med på. Spring innatt på grassteppet og går mot mål. Det vert ikkje mål denne gongen, men Vik har ein eigen Gareth Bale i Thomas Hjortland denne sesongen.

Kunne skrive eit slikt avsnitt om alle spelarane til Vik i dag, men desse skill seg ekstra ut for underteikna.

2 kampar

6 mål

6 poeng

2 smultringar

=

2 ZIKKE!

Laget i det humoristiske hjørna på "Lærdal"

9 mot 9 var ein artig kamp i kampen!

Sivert med stor moglegheit!

Thomas på nok eit løp i Høyang sin boks!

"kom deg til Hollywood"

Aleksander brukar hove!

9 mot 9!

Stor kamp av Viljar!

Kampen på midtbana!

Ein målgivande på Sondre i dag!

Defensiv dødball!

Innmarsjen!

Laget rakk ferga!

Sondre nøgd med sesongstarten!

Gjengen er nøgd med resultatet og russen sin oppførsel på kampen!

Yngve og Sivert på ferga "Lærdal"

Heller dårlege bilete i dag, men det er mi skuld og eg tek det fulle og heile ansvaret.

 
 
 

Comments


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page