top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Vik mot Skavøypollen (3-0)

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 22. apr. 2017
  • 5 min lesing

Sesongen er i gang, og den starta på best mogleg måte. Vêret gjekk frå heilt greitt til kaldt og surt, spesielt for Skavøypollen som må ta den lange vegen tilbake til Vågsøy kommune med null mål og null poeng i bagasjen. Heimelaget på si side kunne varme seg med 3 poeng og 3 mål etter sesongen sin første kamp.

Etter ein kort samtale med benken til Skavøypollen før kampen fekk underteikna greie på at dei har mista 8 spelarar frå laget som tok 56 poeng i fjor og hadde i tillegg spissen og førstekeeperen på skadelista til dagens kamp.

Vik på si sida mista det som var den forventa toppscoararen på laget, Yngve Hove, med ein kneskade. Skadeomfanget er ikkje kjent endå, men det er nok trygt å sei det i beste fall er fleire veker før me får sjå målgarantisten på bana igjen. I tillegg er Steinar Wold ute med skade, noko som gjorde at Saglien måtte omskulerast til midtstoppar i dagens kamp. Meir positivt er det at det kan verke som at den fotrappe feiosingen Thomas Hjortland har tørka støvet av fotballskoa og er klar for ein sesong med sparebanken på brystet. Ellers ventar trenaren fortsatt på beskjed frå spelarar som Tarjei Vevle og Endre Holstad om dei er aktuelle for laget denne sesongen. Nye spelarar på Vik er Vegar Halset og Idar Andre Tenold Saglien. Kan og nemna Espen Tveit Lunde som har vore ein av dei som har fått med seg flest treningar dei siste vekene. Nils Geir Myrkaskog kunne til og med informera underteikna om signeringa av gamle stjerner som Marius Valsvik og tikjempar Henrik Holmberg, under ein betre middag på Blix Hotell torsdag ettermiddag. Kor mykje desse to kjem til å delta er usikkert, men no står dei i allefall i Vik og kan bli brukt.

Kampen:

Vik sitt lag: Stig Roar Hovland (K), Asgeir Fosse Refsdal (70: Kristian Bergstø), Ørjan Grov Tveit, Svein Erik Saglien, Joakim Skjerven, Aleksander Valsvik (Spelande trenar), Jackson Bayubahe (83: Vegar Halset), Idar Holen, Thomas Hjortland (73: Erlend Fjærestad Aase), Sondre Skjerven og Sivert Fjærestad Aase.

Ubenytta reservar: Idar Andre Tenold Saglien, Viljar Andersen, Torgeir Heimdal Aase, Espen Tveit Lunde.

Skavøypollen sitt lag: Marcus Calque Ditlefsen, Lars Nygård, Iver Vattøy, Anders Kvalheim, Eivind-Rune Flataker, Daniel Skare Haanes, Rune Solvang, Sondre Myhre Silden, Kim Andre Gangeskar, Espen Sandal, Steven Silden.

På benken: Oddvar Høydal, Børge Yndestad, Sujeevan Mohanarajah og Emil Nordpoll.

Vik starta kampen klart best utan å komma til mange målsjansar, presset var derimot godt etablert på Skavøypollen sin banehalvdel dei først 15 minutta. Utover i omgangen vart det meir og meir jamnspelt og mot slutten hadde gjestene ei så greitt overtak på vertane at det vart spelt mykje langt frå Vik sin keeper opp mot Hjortland som sprang på alt. Dei siste 5 minutta av omgangen roa vikjene spelet heilt ned og trilla ein del ball i den bakre firaren og med eigen keeper då midtbana ikkje hang heilt i hop.

Etter 27 minutt rope Vik på straffe etter at Saglien, som til dagens kamp hadde fått rollen som midtstoppar saman med Ørjan Grov Tveit, vart holdt godt rundt i feltet til Skavøypollen.

Etter 36 minutt skjedde det mykje, då Skavøypollen først kom til stolpeskot bak Hovland, før Hjortland kjem seg forbi keeper på den påfølgande kontringen, men får avslutninga si redda på streken av ein Skavøypollen-spelar. To kjempesjansar til kvart av laga og ellers mykje nesten var fasiten etter første omgang.

Vik gjer ingen bytte til pause

Matchvinnarar i begge endar. Først reddar Hovland eit godt skot frå Skavøypollen sin nummer 15 høgt i det nærmaste krysset og berre minuttet seinare er Hjortland på farten og scorar det første målet i kampen. Spelande trenar Valsvik sender ballen mot mot standaren sin 16 meter, keeperen feilbereknar og takka vera farten til Hjortland klarar han og henta ballen og prikke den i mål frå nesten død vinkel (ifølge Jarle Christensen) med venstrefoten. 1-0 til Vik!

Like etterpå surar vertane det nesten til på høgre sida si og inviterar Skavøypollen til ein kjempesjanse. Heldigvis for vikjene endar det heile i utspark frå keeper. Prakteksempel på kor viktig det er å halda fokuset rett etter ein scoring.

Dei neste minutta er det fleire hjørnespark til begge lag, men det er vikjene som har marginane på si side og like etter eit stort press frå gjestene tek Hjortland med seg ballen, dansar litt med Skavøypollen sine stopparar før han lekkert serverer Sondre Skjerven som ikkje gjer noko galt og curlar ballen i mål bak keeperen.

I det 64. minutt vartar kapteinen opp med nok ein kjemperedning og resten av kampen gir både godt spel og litt Hawaii-fotball frå begge lag. Refsdal bytta med Bergstø etter 70 minutt, Hjortland med Erlend Aase etter 73 minutt og Bayubahe med Halset etter 83 minutt.

Eit ord til debutanten: Vegar Halset får i dag sin debut for Vik sitt herrelag i fotball når han erstattar Jackson etter 83. minutt. Vik leia allereie 2-0 og hadde god kontroll, men Halset kom ikkje berre inn for å sjå på. Han byrja med å klarere ballen i eige felt før han kom til to avslutningar etter fantastisk forarbeid av Skjerven og Bergstø og så avslutta han likså godt med ein målgivande pasning til Sivert Aase som enkelt kunne trille ballen i mål og dermed hamre den siste spikaren i Skavøypollen-kista. Veldig god start på det som forhåpentlegvis blir mange kampar med Vik-trøya. Fryklaus og kreativ!

Kaptein Hovland var ekstremt nøgd med 3 poeng, smultring og eigen innsats. Trekker fram Sondre Skjerven som Vik sin beste mann

Spelande trenar Valsvik trekker fram laginnsatsen og viktigheita av å visa konkurrentane tidleg at Vik ikkje er ein plass ein kan komma til og få 3 poeng utan å kjempe hardt for det. Han nemner Hjortland, Skjerven, Saglien og Hovland når han blir spurt om å trekka fram nokon. Hovland med mange viktige redningar når kampen ligg og vippar. Hjortland og Skjerven med innsats og kreativitet og Saglien som er veldig god i ukjent rolle. Trenaren er og veldig nøgd med at Erlend Aase og Vegar Halset kjem inn og tek nivået veldig bra med ein gong.

Underteikna gir referatet sin bestemannspris til Thomas Hjortland i sterk konkurranse med Sondre Skjerven. Grunnen til at Hjortland trekk det lengste strået er ikkje berre eit mål og ein målgivande, men og den fantastiske innsatsen han legg ned dei 73 minutta han er på bana. Dessutan er han med på sidelinja heilt til kampen er slutt og manar lagkompisane til vidare innsats. Dette er noko underteika har stor sans for. Ein ekte lagspelar!

Neste kamp er borte mot Høyanger laurdag 29. april.

Beste helsing

Nye Rene Anthony...

 
 
 

Comments


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page