Eit prakteksempel på Breiddeidrett
- Terje Målsnes
- 28. mars 2017
- 3 min lesing
Eg har nett komme inn døra i Prestberget og pulsen er fortsatt nermare maks. Eg har vore i Blixhalli og sett noko av det beste eksempelet på breiddeidrett Norge har og tilby. Handballdamene til Vik tok imot Sogndal som ledar 4. divisjon og ikkje har gitt frå seg eit einaste poeng heile sesongen. Eg tok med meg kameraet fordi akkurat som eg hadde venta var det ikkje nokon som representerte media i fylket på kampen.

Då eg kom inn i Blixhalli møtte eg ein gut som sa at Mari og Elisabeth hadde sagt på skulen at denne kampen vinner dei nok ikkje så han viste ikkje om han ville sjå på.
Klokka startar: 60:00, 59.59, 59.58, 59.57. Det går ikkje lenge før Vik er oppe i ein 4-1 leiing. Sogndal scorar, 4-2. Nermare enn det slapp ikkje Vikjene Sogndal innpå seg resten av kampen. Den største leiinga var på 6 mål trur eg, men aldri var Sogndal nermare enn 2 mål bak Vik.
00.00: Vik har slege Sogndal 28-22!











På tribuna satt me foreldre, sysken, venner, elevar og kanskje til og med nokre ungar av spelarane på bana. Jentene til Vik gav ALT i 60 minutt og
såg seg aldri tilbake.


I helga var eg oppteken med Toppidrett i Belfast og det var heilt fantastisk. I kveld var eg i idrettshallen der ungar og vaksne har tilbrakt hundretusenvis av timar for å bli betre handball-, fotball-, volleyball- og badminton-spelarar.
Breiddeidretten fekk i kveld eit ansikt så vakkert at det er til å grine av!
Etter at sigeren må seiast og vera sikra fekk ein debutant moglegheita. Emma Klarholm kom innpå bana som playmakar og gjekk rett til angrep. Den minste jenta på bana fekk ballen og gjekk rett mot den største sogndølen. Straffe! Karoline som satte alle straffane sine så langt i kampen gav ballen til Emma: "Den teke du!" Den største minste jenta i heile verda går fram til straffemerket og LOBBAR!! ballen over keeperen til Sogndal.








Ho kan ikkje tru det. Jubelen frå jenta og jubelen frå lagvenninnene og jubelen frå tribuna var så fantastisk at ein skulle tru Vik nettopp hadde vunne VM på heimebane. Etterpå fekk eg vita av faren at Emma ikkje har vunne ein kamp med jentelaget heile sesongen, men no fekk ho og venninnene på laget feira ein siger over dei, til no, ubesigra sogndølene.










Etter kampen klarar ikkje ho å halda tårene tilbake, ho gret, venninnene gret med ho og middelaldrande menn på tribuna gret med ho.
Jentene gav alt på bana og endeleg var det ei tribune som svara. Lokale ungar sang av full hals: Heia Vik Heia Vik Heia Vik
Heilt til slutt er det på sin plass med ein hyllest til trenaren, keeperen og systao mi: Mari Målsnes. Eg har i fleire år sett på ho stå på for at handballen skal ha eit liv i ei primær fotball- og skiskyttar-bygd. Ho er ikkje den som skriker høgast, men ho er sjølve symbolet på den dugnadsånda bygde-Norge gjennom tidene har identifisert seg med. På få år har damelaget i Vik gått frå at Mari må ringe rundt og omtrent plukke opp folk på gata for å få nok folk til å stilla på kamp til at det no satt 6 jenter på benken og heia fram venninnene som spelte. Eg bøyger meg i hatten for innsatsen Mari har gjort dei siste åra med handballen i Vik.

Etter kampen møtte eg same guten og han sa:
"Mari og Elisabeth berre tulla dei!"

Desse jentene er ubesigra på heimabane heile sesongen!
ZIKKE!
Comments