top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Bali 1.0

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 26. feb. 2017
  • 5 min lesing

Are, Håvard og Terje

Eg er no inne i det siste døgnet av mitt andre opphald på "Gudane si øy", Bali. Eg reiser i morgon, omtrent ei veke skild frå dagen for 6 år sidan då eg landa her for første gang.

Tilbake i 2011 hadde eg eit opphald på tre og ein halv månad på denne nydelege øy. På dei 3,5 månadane møtte eg ei stor flokk med fantastiske folk, tok internasjonal sertifisering som Personleg Trenar og kosa meg med god mat, smoothie og Bintang.

Etter tre år på vidaregåande skule jobba eg på lensmannskontoret i Vik som ufaglært politibetjent. Det var eit år som stort sett bestod seg i jobb, trening, energidrikk, fjernsyn og playstation. I tillegg var det tre kneoperasjonar på det eine året og det førte blant anna til ei vekt eg ikkje var komfortabel med og håpar eg ikkje ser igjen noko gong. Det noko bisarre vikariatet mitt gjekk mot slutten og eg måtte til å tenkje på kva eg skulle ta meg til. Valet fall til slutt på eit årsstudium i reiseliv i Sogndal. Det årsstudiumet vara i 3 veker før eg hoppa glatt over til 3 veker av eit årsstudium på Engelsk. Eg hadde rett og slett gløymd korleis ein studera. Det vil seie eg var udisiplinert og lat.

Eg sendte ein søknad opp til Vik fengsel og etter intervjuet fekk eg jobb som tilkallingsbetjent på Vikjahuset. Planen var først og fremst og ha dette ved sidan av studiane. Når eg så gløymde ein rimeleg stor innlevering i grammatikk valgte eg å hoppe av engelsken og. Veldig ambivalente kjensler til dette når eg tenkjer tilbake på det. Eg er rimeleg forbanna på meg sjølv for at eg var så ustrukturert, men samstundes hadde eg ikkje kunne reist til Bali om eg hadde fortsatt på reiseliv eller engelsk. Mykje kva, om , vis? Kanskje eg ikkje ein gong hadde reist på fengselsskulen om eg hadde vore ein betre student i 2010. Ingen vil nokon gong vita.

Eg jobba no på Vikjahuset og trivst godt med det, men tenkjer fortsatt at eg må jo reisa og studera noko. Ein ting med meg er at eg elskar å laga lister og store planar. Då eg jobba på lensmannskontoret hadde eg planar som strak seg heilt til 2018, 8 år. Om eg finn at dei planane no vil eg finna at noko vart gjennomført og andre ting ikkje. Det eg har gjort er: Bali, Australia, Fengselsskulen og Sør-Amerika (utan å læra spansk vel og merka) Det som og var på listene som ikkje er blitt noko av er: Årsstudium i Reiseliv/Engelsk/Samfunnsfag, universitet i USA, reise til Costa Rica og Afrika. Så kanskje litt meir enn halvparten har eg gjort, sjølv om det ikkje er gjort akkurat slik eg hadde tenkt det då listene vart konstruerte.

Det vart Bali av to hovudgrunnar: Eg hadde lyst å sjå verda og eg måtte læra meg sjølv å studera atte. Ein perfekt kombinasjon for meg og mange andre. Eg tenkte som følger at personleg trenar kan eg lett ta ein utdanning i. Eg hadde hatt 3 år på idrettslinja og hadde vore aktiv med idrett heile livet. At eg hadde trent med vekter sidan eg var 14 år meinte eg og var eit stort pluss. Eg kunne mykje av stoffet om måtte berre repetere "det kjedelege", tenkte eg.

Eg fekk rett. Sjølv om eg ikkje var noko superstudent og brukte størsteparten av lesetida til eksamenane til å høyre på, diskuter og massera jentene gjekk eg ut med 2 C-ar og ein B. Må nett forsvara/kritisere meg sjølv litt der og. Når eksamensdagen er der har eg sjelden til aldri nerver fordi eg veit kva eg veit. Eg veit at eg veit nok i faget til å få ein god karakter. Det største problemet mitt der var at eg meinte det ikkje hadde noko å seie om eg fekk A eller C. Eg kjeda meg når eg satt og skreiv på eksamen så eg tok til meg Pippi Langstrømpe haldninga: "Veit ikkje du det? Då giddar ikkje eg å sei det heller". Som personleg trenar må du ha ein personlegheit for å få jobb. Karakterane frå skulen tenkte eg hadde mindre å seie så lenge du ikkje var heilt på bærtur. Du må alltid vidareutdanna deg og halde kunnskapen ved like. No meinar eg at jo meir du veit jo betre er det. All kunnskap er god kunnskap. Skulle ønske eg meinte det og dei siste 7 åra.

Eg gjekk ekstremt offensivt ut på sosiale media før avreise Bali. Posta mykje på den offisielle facebooksida til Active Education og fekk liten respons, men akkurat som det er med meg når eg likar ei jente så tenkte eg at her er det berre å køyre på, bombadera med meldingar så går nok dette heilt fint. (Eg har foresten aldri vore i eit seriøst forhold, så langt har altså den teorien holdt) Eg hugsa eg snakka med ein av mine medstudentar etter nokre veker på Bali som sa at alle gjekk og lurte på kva faen det feila meg før turen. Nok ein gong vil eg unnskulda meg med at 80-90% av dei som skulle til Bali allereie hadde hatt eit semester saman i Brasil og hadde danna veldig tette relasjonar.

Ting går seg til. Bali opphaldet for meg starta ca ei veke før dei andre studentane. Eg hadde vore 2 veker i Australia og kom til Bali før resten av gjengen. Når alle var på plass gjekk det veldig fint veldig fort. Ein meir inkluderande og kjekke gjeng skal du leite lenge etter. Me gjekk til undervisning og trena. Og kosa oss gjerne litt i overkant i helgane, men det gjorde nok utvilsamt studentane heima i Norge og. Uansett kva kunnskapsministaren no må meina.

Ein kjekke overraskelse med turen var at to kompisar frå vidaregåande, Håvard Andresen og Are Bjørgum, var på denne turen og. Håvard og eg delte rom i eit par månadar av opphaldet. To heimalamb frå Sogn på same rom var ein stor suksess. Me hadde det utruleg kjekt og fann på mykje sprell. Og medan denne Øyriungen fortsatt har bustadsadressa i Vik har Håvard omgjort seg til ein skikkeleg Oslogut, men har nok fortsatt hjarta i Aurland. Eit anna kjent fjes på Bali var dottera til fadderen min, Ho Mari Brudevoll. Verda er liten, og Norge er mindre.

Det er slik i dag at når eg ser tilbake på den første Bali turen så smiler eg alltid. Når du er med så flotte folk gløymer du ofte det som var mindre bra. For eg klarte jo ikkje over 3 månadar uten noko tull. Allereie andre helga måtte eg til sjukehus med ei herpa skulder. Eg fekk infeksjon i fleire myggstikk og hjernerystelse etter eg sklei og slo hovudet i golvet. Men det har liksom ingenting å seie no.

Dagane var gode

Fantastiske minner frå Bali som anten er tausheitsbelagt eller eg skriv meir på seinare:

Ei fantastiske jenta og nokon andre veldig flotte.

Gili Trawangan i påskeferien med det som følgjer der.

Nakkesprett som enda i ansiktet til stakkar Janne.

Beer Garden, Sky Garden, Bounty og Engine Room.

Skulka den, ifølge Bjørnar, viktigaste timen for å hoppa i strikk.

Villa-fest.

Smoothie Bar.

Gode venner.

Innevolleyball med Håvard og Einar.

Bli kåra til Året sin gledesspredar av kullet.

Fotballturnering der eg vart fyrste målscorar.

Volleyballturnering.

Trappeintervalla med Frida og Are.

Soloppgangs tur til Baktur.

Dag for barneheimen.

Mollybassenget.

Fotball midt på natta

Avslutningsfesten

Bali-par/Bali-ungar

Og mykje mykje meir.

Må og seie avslutningsvis at eg er så ekstremt imponert over dei fantastiske folka eg gjekk med på Bali. Det er så ekstremt mange av dei som eg no følger på sosiale media som viser slik ein fantastisk glede over jobben dei gjer om det er som Personleg Trenar eller dei har funne andre yrke. Eg tykkje det er utruleg kjekt at eg fekk tilbringa nokre månadar med så fantastisk flinke, motiverande og ikkje minst gledesspredande folk.

Sjekk dei ut:

https://www.instagram.com/ptpippi/

https://www.instagram.com/pt__lund/

https://www.instagram.com/fridastho/

https://www.instagram.com/andriisen/

https://www.instagram.com/oolalaa_/

https://www.instagram.com/katrinekarlsrud/

https://www.instagram.com/mslotvik/

https://www.instagram.com/ernstmatre/

https://www.instagram.com/maribrudevoll/

https://www.instagram.com/janneirenroe/

https://www.instagram.com/madeleinehauge/

https://www.instagram.com/willgutten/

https://www.instagram.com/fysiotorresdal/

https://www.instagram.com/bsakkestad/

https://www.instagram.com/hannatryggestad/

https://www.instagram.com/amavag/

Beklagar til alle eg har gløymt, det er mange fleire.

Snakkast plutseleg.


 
 
 

Comentarios


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page