top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Min kjærleik til sjefen

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 31. jan. 2017
  • 4 min lesing

Malakoff 2012. Ein av mange konsertar. Eg huskar ikkje kven som spelte. Marius og Gustav er der. Me snakkar. Dei skal på Springsteen-konsert på Koengen i Bergen neste veke. Det skal eg og seier eg. Eg har ikkje billett, men eg veit at eg skal på den konserten. Dagen er her. Takk til finn.no og Ivar som henta billetten min for meg. Det regnar. Ponsjo. "Waiting on a Sunny Day". Regnet gir seg. Me står på toppen av ein liten bakke. Midt i alt. 4 x Valsvik, 2 x Vevle, 1 Målsnes og ein Helleland. Tissering! "Tramps Like Us" Dette var mitt første møte med ein Live-Bruce Springsteen & The E Street Band-konsert. Det vert ikkje den siste!

Telenor arena 2013. The Boss er i hovudstaden. Det er eg og. Han skal halde to konsertar i Telenor Arena. Eg skal på ein av dei. Tarjei, Yngve, Amund og Anders kjem til Oslo. Me tek plass midt i Arenaen. Ølet er lunka, musikken er heitt. Me hoppar, dansar og syng i 3 pluss timar. Stemningen er god. Me tek bussen til sentrum etter konserten. Eit par nesten-slagsmål med nokon Paradise Hotel deltakarar, Bislett Kebab, ein solo taxitur rundt i Holmekollen og ein liten bag med kvist til 500 kroner. God natt.

Telenor arena 2013, dag 2. Eg slit meg gjennom ein veldig lite produktiv dag på skulen. "Terje, Du stinker alkohol". Det er berre antibac seier eg. Eg håpar det er det i allefall, men tek meg ein tur heim og dusjar ein gong til. Greitt og vera sikker. Robert ringer. "Eg har ein ekstra billett til i kveld, Stigen kjem ikkje" Eg er så sliten. Svaret seier seg sjølv: Eg er med! To karar frå Vik har sitteplass i arenaen. Me sitt lite. Med eit og eit halvt godt knitt (kne) oss i mellom. Me hoppar og dansar og syng. Rom og Cola. Hovudstadfolket rundt oss hadde kjøpt sitteplassar for å sitte. Du sitt faen ikkje når The E Street Band spelar. "Beklager, men jeg kan ikke se gjennom deg". Var du i nærheiten av meg og Robert hadde du berre til å komma deg på føtene.

Vik 2016. Eg går av nattevakt klokka 8. Billettsalget opnar klokka 9. Trøytt! Anders sender melding: "Er du klar?" ZZZZZ. Eg vaknar 0930. Trøytt og forvirra. Utsolgt! NEI! Eg er forbanna. Søker heile nettet gjennom etter billettar. Ute av stand til å ta ein gjennomtenkt avgjersle og tenke at det alltid er folk som sel billettane sine når det nærmare seg konserten. Eg kjøper overprisa billettar. Eg bryr meg ikkje. Verdt det.

Ullevaal 2016. Hovudstaden er klar. AirBnB. Grønland. Minoritet i eige land. Konsertdag. 3 år sidan sist. Er me alle? Kor er du? Rekk ei hand i lufta. Midten igjen. Vevle, Mead, Helleland, Målsnes, Valsvik, Holstad, Flatland, Skogsrud, Saglien, Hovland og Springsteen. Spredd, men saman. Ein av dei sterkaste opplevingane nokon gong. Me manglar ein. Konserten er som skreddarsydd for oss. "Flott, godt og Tårevått" Konserten er slutt. Me står igjen. Store ring. Takk!

Granåsen 2016. Burde kanskje ha sjekka om Ac-en og anlegget fungerte i bilen før me reiste. Vik til Trondheim, 592 km. 10 små timar. Radioen virkar ein gong i blant. Vel 10 timar seinare svingar me inn til Sarah og Susanne. Me rekk ei pils. Må komme oss avgårde. Regn, regn og regn. This will not be a sunny day. Regnet gjer det på ein merkeleg måte mektigare. Den største utekonserten i Noreg. Kor er Eivind? Eldar Rønning! Sett mæ ne! Nok ein magisk oppleving er over. Min religion. Takk til Bruce & The E Street Band.

Adelaide 2017. Åleine. Politisk bodskap! Fuck Trump! American Land. Eg er så nær! BRUCE! Sterkt. Dette var ein lik, men annleis oppleving. Eg var åleine, saman med 15 000 andre. Heilt framme med gjerde og stort sett 20 meter vekke frå bandet. Eg ser. Høyrer. Syng med. Flott sett, men eg føretrekk å ha dei andre med meg. Eit halvt håndtrykk med The Boss. Takk for no! Hadde eg vist om denne turneen noko før likar eg å tru at eg hadde omgjort Australia-turen til å følge Springsteen og bandet frå Perth til Brisbane. Men når eg veit da eg veit no er eg ikkje sikker på om eg hadde ofra dei opplevingane eg har hatt i Australia så langt for det. Løpet er tett.

SET LIST

  1. New York City Serenade

  2. American Land

  3. The Ties That Bind

  4. No Surrender

  5. Land of Hope and Dreams

  6. Trapped

  7. Spirit in the Night

  8. Glory Days

  9. Hungry Heart

  10. Wrecking Ball

  11. Youngstown

  12. Something in the Night

  13. Darlington County

  14. Brown Eyed Girl

  15. Murder Incorporated

  16. Death to My Hometown

  17. Racing in the Street

  18. Because the Night

  19. She’s the One

  20. The Rising

  21. Badlands

  22. Thunder Road

ENCORE

  1. If I Should Fall Behind

  2. Born to Run

  3. Dancing in the Dark

  4. Tenth Avenue Freeze-Out

  5. Shout

  6. Rosalita (Come Out Tonight)

Min kjærleik til The Boss er lett å beskriva. Det er sangane. Det er energien. Det er bandet. Det er konsertane. Dei lange konsertane. ENCORE. The River. Dream Baby, Dream. Born to Run. Born in The USA. Badlands. Further on up the Road. Mrs. McGrath. Tougher then the rest. Om du reiser på ein konsert med denne gjengen og ikkje er frelst etterpå skjønnar eg ingenting. Mannen nærmar seg 70. Eg skal på fleire konsertar.

Baby, we were born to run!


 
 
 

Comments


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page