Australia på sitt beste
- Terje Målsnes
- 24. jan. 2017
- 1 min lesing





Kakadu National Park















Eit bilete seier meir enn 1000 ord. Det vil seie at dette innlegget inneheld meir enn 20 000 ord.
Den siste veka har vore fylt med mange nye opplevingar og lærdommar. Eg har sett kengeruar, wallabee, ørn, krokodiller, kamel, edderkoppar og 37 trilliardar mygg og fluger.
Eg har køyrt på den historiske Stuart Road, besøkt historiske pubar og utkantar. Eg har vore på innspelingsplassen til Crocodile Dundee filmane. Eg har bade i eit 2 sifra antal vakre fossefall og campa på ekte "Drover-gardar". Naturskapte fenomen som eg ikkje anar korleis eg skal forklara.
Eg har lært om den rike kulturen og etterkvart triste historia til Aboriginarane. Fantastiske måleri som stammar mange tusen år tilbake i tid. Historier om eit folk som fortsatt den dag i dag lever på "gamle måten" på mange områder, men samstundes har teke til seg moderne hushold og andre "white fellow" oppfinningar.
Det er veldig ydmjukande og vera vitne til så mykje historie og kultur.
På trass av all myggen og flugene kan eg ikkje anbefala regnskogen i Queensland og område i Top End og the Northern Territory nok. Ekstremt mange reisande som kjem til Australia reiser stort sett på austkysten og det er utruleg vakkert der, men det er så mykje meir å sjå på dette enorme kontinentet.
I morgon tidleg går turen vidare til Uluru i "The Red Senter" før eg avsluttar januar med ein Bruce Springsteen & The E Street Band konsert i Adelaide.
Snakkast plutseleg!
Comments