Great Barrier Reef
- Terje Målsnes
- 17. jan. 2017
- 3 min lesing
Over halvvegs i januar og mykje er allereie gjort. Sist veke var eg ute på Great Barrier Reef i to dagar for å dykka. Great Barrier Reef er noko mange sett opp på den såkalla Bucket list, (ting ein vil gjera før ein døyr) heretter omdøypt til kistelista.
I desember 2010 tok eg meg ei veke i Bergen og tok dykkersertifikatet: Padi open water diver. Etter denne veka låg eg sjuk i ei lita veke og det vart ikkje mykje meir dykking på meg. Eg har faktisk berre dykka ein gong sidan eg tok dykkelappen og det var på 22 årsdagen min i Colombia. Dette var mykje kjekkare enn eg huska det frå dei kalde desemberkveldane i Bergen. Men det blei med dei to dykka.
Med den tidlegare kistelista i bakhovudet har eg lenge ønska å dykke med alle dei fantastisk sjødyra i Australia. Great Barrier Reef er ein av verdas største turistattraksjonar og om me skal tru på forskning frå dei siste åra er området, som er enormt, i ferd med å døy ut. Dette kunne eg sjå teikn på sjølv då eg dykka der.
Fakta om Great Barrier Reef henta frå Wikipedia
Great Barrier Reef, norsk Det store barriererevet, er verdens største korallrev. Det ligger utenfor østkysten av Australia. I 2016 var 97 % av revet rammet av korallbleking.
Revet ligger i Korallhavet utenfor nordkysten av Queensland i Australia. Det er over 2 600 kilometer langt, dekker et område på 348 000 km² og kan sees fra verdensrommet. Det store barriererevet er verdens største enkeltstruktur laget av levende organismer.[2]Revet består av milliarder av bittesmå organismer, kjent som koralldyr. Det store barriererevet støtter et bredt mangfold av liv. I 1981 ble det erklært som en del av verdensarven av UNESCO. En stor del av revet er beskyttet av Great Barrier Reef Marine Park. Den første britiske oppdageren som fant revet var James Cook, som oppdaget det da han gikk på grunn 11. juni 1770
Hvert år besøker inntil to millioner personer revet. I 2014 ble det rapportert at turisme genererer over 5 milliarder australske dollar hvert år og at reiselivsnæringen sysselsetter over 64000 personer.
Turismen er også skadelig for revet. Personer som tråkker på korallene, ankere som blir kastet ned på korallene og båter som lekker bensin/olje.
Sidan eg ikkje hadde dykka på 5 år blei eg med på eit "oppfriskningskurs" og gjennomførte det først dykket med ein Dive master som guide. Det var heilt utruleg å sjå revet og alle skapningane som lever der. Me gjennomførte to dykk frå båten som tok oss med ut før me bytte til båten me skulle bu på det neste døgnet. På denne båten, Ocean Quest, gjennomførte me to dykk til. Det siste dykket var på kvelden og hai og anna fisk symde rundt området me hoppa uti. Kvifor symde det hai akkurat der? Berre fordi mannskapet på båten mata dei.

Når du kan sjå rundt 5 over to meter lange hai symja rundt deg er du litt nervøs når du hoppar ut i vatnet, men eg har lært dei siste åra at hai ikkje er så skumle som Hollywood har framstilt dei. Dei er ikkje interessert i menneske som mat, men det er klart at det førekjem haiangrep frå tid til anna.
I Australia åleine vart 2 menneske drept av hai i 2015. Året før var det talet 5.

Men sidan eg no ei veke seinare skriv denne bloggen er det trygt å anta at eg ikkje vart drepen. Dag 2 av dykketuren var ikkje like vellukka som eg gjerne hadde håpa. Eg vakna med øyreproblem og det vart anbefalt at eg ikkje dykka då dette kunne forsterke problemet. Eg tok meg i staden ein snorklingstur og fekk igjen sjå utrulege fiskar og fulgte ein liten hai i nokre få meter.

Alt i alt var dette ein veldig kjekke tur og eg kan no både krysse av Great Barrier Reef og symje med hai på kistelista. I tillegg til dette møtte eg mange kjekke folk, nokon av dei følger meg no på instagram. WINNING!. (Nederst på sida kjem ligg forøvrig dei to video bloggane eg lagde frå turen)
Regnskogen er det neste som står for tur.






Snakkast plutseleg
Comments