Januar
- Terje Målsnes
- 9. jan. 2017
- 1 min lesing
I morgon går startskotet for det som blir to veldig travle og forhåpentlegvis fantastiske månadar. Dei siste dagane har eg vore i Cairns, Queensland, og enkelt og greitt kasta peng etter folk og bedt dei, veldig pent, om å ta meg med på turar.
Det startar i morgon tidleg med ein to dagars dykketur til Great Barrier Reef. 7 dykk på to dagar og moglegheita til å sjå noko av det Australia er mest kjent for. Håpar å få symja med hai. Bucket list coming along.
Etter desse dagane skal eg og nokre piker eg har møtt leiga bil og køyre litt rundt i Cairns området.
Fredag går turen til regnskogen der kayaking og terrengsykling står på agandaen.
Sist eg var i Australia hoppa eg i fallskjerm og eg kan jo ikkje vera noko dårlegare denne gongen så på sundag vinkar eg farvel til Cairns med å kasta meg ut av eit fly 14 000 fot over bakken.
Måndag om ei veke ventar eit nytt eventyr då eg flyge til Darwin der eg har bestilt ein 10 dagars krokodille-tur gjennom outback-Australia. Denne turen skal enda i Alice Springs der eg skal få oppleva ein soloppgang og solnedgang ved ULURU.
Avsluttar månaden på best tenkeleg vis med ein Bruce Springsteen & The E Street Band konsert i Adelaide.
Januar ser ut til å bli ein veldig fine månad
Snakkast plutseleg

تعليقات