top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

NYTTÅRSTALEN

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 31. des. 2016
  • 3 min lesing

I dei fleste nettaviser eg har sett kan ein lese saker om korleis dette har vore eit grusomt år. Enkelt saker prøver å fokusere på det positive som skjedde i 2016. Treng ikkje sjå langt inn i nyheitsbilete eller på sosiale media for den saks skuld for å sjå at både verda og nærmiljøet er prega av ueinigheit. Frå Trump og Brexit globalt til Listhaug og innvandring heime.

Kjapp sidenotering om innvandring: Eg er ikkje direkte imot innvandring, men eg er imot årsakene til innvandring. Og den innvandringa alle har ein meining om for tida er den som handlar om flyktningar. Årsaken til at folk flyktar er at dei hadde det så uholdbart i sitt eige land, i sin eigen heim at dei ikkje såg noko anna val enn å flykte frå heimen sin. At det skal vera slik i 2016 er eg grusomt imot. Årsakene til at det er slik skal eg ikkje gå inn på, men om du er imot innvandring eller ikkje. Gjer mot andre det du vil ha gjort mot deg sjølv. Om det er ein hovudgrunn til at at flyktningar ikkje blir intergrert i eit nytt samfunn må det vera fordi me ikkje er flinke nok til å inkludera dei.

Personleg har 2016 vore ei stor berg og dalbane. Småe og store kontrastar. I byrjinga av året sov eg i eige hus i ei seng på 200x180cm i kalde Vik. No på året sin siste dag vakna eg i ei køyeseng på eit 8 manns rom til 30 + grader i Australia. Noko som er likt er derimot at eg var på ei øy ved begge tilfella. Vik, ei øy på fastlandet og Magnetic Island, ei øy lika utanfor ei mykje større øy.

Den største kontrasten i 2016 er eg ikkje komfortabel å skriva om då det er for sårt og ikkje min plass å skriva om det. Alle veit nok kva eg snakkar om. Det er ei enkelt hending som har prega og kjem til å prega ein stor kompisgjeng.

Ein ting som skjedde ut av denne hending er eg derimot veldig komfortabel med å snakka om. Eg lærde tydlegare enn nokon gong kor gode vener eg har rundt meg og kor mykje dei betyr. Bånda mellom ein stor og unik kompisgjeng er sterke. Eg er utruleg takksamd for å vera ein del av denne gjengen. Det gjer godt å vita at ein har vener som stiller opp for kvarandre når det er mest naudsynt.

Venner (Frå Kaptein Sabeltann og skatten i Kjutavika)

Vener er gjerne til stades når det er fest i ditt hus

Vener kan dele din glede og juble i sigersrus

Men vener som blir når andre går,

som gir deg sin støtte, som trur og forstår.

Det er vener du skal ta vare på

Terje Formoe

Takk til alle mine vener Takk for eit år med kontrastar

Takk for det som var kjekt og dei store lastar

Takk for at di gjer narr av måten eg et

Takk for at di held rundt meg når eg gret

Takk for kvar usakleg anger

Takk for den kjekke turen til Stavanger

Takk for alt bråket og dei stille stunder

Å ha så gode vener kan berre vera eit under

Takk for kvar ein latterfylt fest

Takk for at di er der når eg treng dikka mest

Eit år er forbi og eit nytt er på veg

Håpar di vil tilbringa litt av det med meg

Terje Målsnes

Eg er takksamd for å vera fødd inn i ei bygd der venskap blir danna tidleg og varar livet ut.

GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN

Gamle minner:

Snakkast plutseleg


 
 
 

Comments


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page