Magnetic Island
- Terje Målsnes
- 4. des. 2016
- 2 min lesing
Eg har no lagt til kai på Magnetic Island, Queensland og jobbar på hostellet Base Backpackers i Nelly Bay. Den siste veke har eg vore kjøkkenhjelp/servitør, men byrja i baren på tysdag. Første vakta eg hadde på kjøkkenet var i grunn utruleg kjedeleg. Tida gjekk fantastisk sakte og eg tenke at her blir eg ikkje lenge. Men dei neste vaktene forandra alt, fekk litt meir kontroll på arbeidsoppgåvene pluss at dei eg jobba med er utruleg artige å jobba i lag med. Dansing og synging innimellom hamurgarar og pizzamekking.
Eg kom opp her fordi ein kar eg møtte på surfcamp og seinare i Airlie Beach jobba her oppe og han fortalte meg at det var ein veldig bra plass, noko det har vist seg å vera. Kvar dag her er ein fest, men samstundes er det veldig avslappa og roleg. Det kjem av at dette er eit hostel og det er stort sett 50-70% utskiftning av dei som er her kvar dag. Så kvar dag reiser ein svær gjeng og på ettermiddagen er hostellet fylt opp att av ein ny gjeng. Dei som er faste er me som jobbar her og me får ofte i oppgåve å laga stemning om det ikkje er nokon gjester som tek tak på kveldane.
Dagane startar roleg med ein god frukost, stort sett av typen egg og bacon. Det er så nokre rolege timar med soling, bading og helst litt trening. Det er eit lite "treningssenter" på øya og når eg seier lite meinar eg ca. 20 kvadratmeter med frie vekter og eit knebøyg/chins-stativ. Alt ein har brukt for med andre ord. I tilleg har me litt utstyr på hostellet me kan bruka. Kasta ball i Bassenget er og ein sikker vinnar. På kvelden er det jobbing eller, om ein har fri, litt roleg festing. Vanskeleg å beskriva korleis kveldane her er, eg skal heller prøva å laga ein film om hostellet. Men nokre stikkord er: happy hour, live musikk, god stemning og yre ungdommar.

Litt av gjengen på Base Backpackers

Live musikk på FullMoon-party

Soloppgang ved Base Backpacker, Magnetic Island

Stranda på morgonkvisten.
Snakkast plutseleg
Comments