top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Heimalamb

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 15. nov. 2016
  • 4 min lesing

Kvifor reise til Australia? Kvifor reise i det heile teke?

Dette er spørsmål folk stilte meg før eg reiste til Australia. Ikkje mange folk, folk flest sa eg måtte gjera det, komma meg på tur, sjå verda, møta nye folk, oppleva nye ting, blablabla. Det er ikkje desse folka eg skal skrive om no, sjølv om det er mogleg eg kjem tilbake til dei etterkvart. Eg veit i grunn aldri kva eg skal skrive om før eg er ferdig. Kanskje det er grunnen til at eg var ein midt-på-treet-stil-skrivar på skulen?!

Det eg skal skriva om no, trur eg, er dei som ikkje er så nøgd med at eg reiser. Dette inkluderar på ein måte meg sjølv. No kjem det nokre klisjear om kva som er bra med reising.

Alle desse sitata er med på og forklara kvifor eg no er på andre sida av planeten i forhold til den plassen eg i dag og alltid kjem til å kalla heima. Men det beste sitatet blir uansett dette:

Dette er meg.

Eg er eit heimalamb, det har eg alltid vore og det trur eg dei fleste som har hatt den utsøkte gleda og møta meg veit og. Eg snakkar mykje om heima, fortel om kor flott det er, kor kjekke folk er, kor mykje det er å finna på heima. På fengselskulen fekk eg opptil fleire gonger beskjed om å slutta og snakka så mykje om heima.

Då eg var liten pleidde me å sitja utanfor butikken og drikka brus å snakka om alt og ingenting. Veldig ofte gjekk samtalane om kva me skulle gjera når me blei store. Alle var einige om at dei skulle flytta heimafrå. Flytta til ein by var den store greia. Eg var aldri einig i dette, kanskje mest av alt fordi eg ikkje hadde noko interesse av å bli vaksen. Eg likte meg veldig godt som unge.

Dette er ikkje noko stor sak, mange ungar vil ikkje bli vaksne, men greia er at ungar utviklar seg. Eg trur eg har utvikla meg, men eg er fortsatt den ungen som satt på butikken og ikkje ville flytta heimefrå. Eg har faktisk aldri flytta heimefrå, eg har budd andre plassar, men aldri flytta.

No er eg heilt på villspor, eg skal liksom skriva om at det er merkeleg at eit heimalamb som meg er ute og reiser, ikkje minst ute og reiser heilt åleine. Kvifor gjer eg det? det verkar ikkje å vera mykje til reise-gen i familien min. Kanskje i Pappen, han har vore i USA. Mammen er nok den eg har det meste av heimalamb-genet etter. Ho blir nervøs og byrjar å kaldsveitte om me reiser lengre vekk enn til hytta. Ikkje mykje reiselyst i dei to systrene heller. Kor har eg dette frå?

Sannheita er kanskje at eg tvingar meg sjølv til å reise fordi eg veit kor stort heimalamb eg er. Det minnar meg på eit anna sitat:

Eit av desse, vel din favoritt

Eg var fantastisk komfortabel heima då eg reiste til Australia. Eg hadde ei god rutine og bra inntekt, eg vikarierte på skulen, trente godt og reiste ofte på besøk til gode kompisar i byen. Eg budde hjå Besten og var veldig lite lysten på å reise frå han.

No sitt eg på eit hostel i Airlie Beach, Queensland. I morgon skal eg stå opp klokka 7, vaska sengeklede, henta gjester på busstasjonen, kasta bås, vaska bassenget, legge ihop klede, vaska kjøkkenet og sova i toppkøya på rom med 3 andre.

Eg veit ikkje kva poenget med dette innlegget er lenger, føler det berre blei rot. Eg har det bra. Eg er lei meg fordi eg ikkje skal på innflytningsfest i helga, men det kjem nye moglegheiter. Eg tykje det er synd at ingen blei med meg på denne turen, men det tvinger meg til å vera endå meir åpen for å snakka med nye folk. Slik som han portugisaren som har budd i Australia i 40 år og aldri let nokon fullføra setningane sine. Han har forøvrig laga middag til meg to kveldar. And med spinat og ris. Fantastisk spinat, steikt med EKTE smør, kvitløk og salt.

Då eg reiste sa dei fleste at dei viste eg kom til å komma heim til jul. Det var faktisk planen å gjera nettopp dette. Billetten eg bestilt hadde retur 22. desember. Det skulle vera ein overraskelse for dei heima. Eg forandra den billetten i dag, retur 30. april 2017. Dette overraska meg veldig, eg elskar jula. Julemiddag, familie, vener, grendacupen, romjulsfestlegheiter, nyttårsfeiring. Kjem til å svi når det faktisk er jul, men eg har det bra. Kanskje eg skriv at eg har det bra så mange gonger for å prøva å overbevisa meg sjølv om at eg har det bra?

Snakka med Besten hinn dagen, det var utruleg godt. Han og Pål hadde nett vore på trening, seinare skulle han og Markus i smalahovelag i Feios.

Konklusjon: Det er lettare å få "likes" på instagram og facebook når ein er på andre sida av planeten. Og det er grunnen til at eg reiser!

Gledar meg til resten av turen min, kom gjerne og bli med.

Snakkast plutseleg

PS: Nokon som kan læra meg når eg skal bruka Å eller OG?


 
 
 

Commentaires


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page