top of page
Siste innlegg
Kom tilbake om en liten stund
Når innlegg er publisert, vil du se dem her.
Utvalgt innlegg

Kva no?

  • Forfatterens bilde: Terje Målsnes
    Terje Målsnes
  • 26. okt. 2016
  • 4 min lesing

Så etter surfecampen reiste eg tilbake til Sydney og blei der over helga. Planen for helga var blant anna og finne ut kva eg skulle gjere no. Greg frå surfecampen og eg snakka faktisk om og kjøpa ein bil i lag og køyre oppover kysten på eiga hand. Det var og snakk om og reise på ein 28 dagar lang busstur (med stopp så klart) Dei fleste eg var blitt godt kjent med på surfecampen skulle dette og det frista veldig då det såg ut som ein veldig god måte å sjå masse av austkysten til Australia på. Det viste seg at det ikkje var fleire plassar på turen dei skulle reise på, så no måtte eg bestemme meg for om eg skulle reise nokre dagar seinare og møte dei i Brisbane, då dei hadde tenkt å stoppe der ei stund.

Eg brukte omtrent heile laurdagen på Work and Travel Company sine kontor for og sjekka kva mogelegheiter eg hadde på arbeidsmarknaden rundt om i landet. Brukte ei nettside som heiter www.gumtree.com.au. Her inne fann eg ei annonse for ein veldig dårleg betalt jobb ombord på ein båt i Mackay, Queensland. Det som var fint med jobben var at eg kunne bu på båten og fekk mogelegheita til å bli med på turen frå Mackay til Newcasle, via Gladstone og nokre småøyer nedover kysten.

Early morning in Sydney

Eg bestemte meg for å satse på at dette kunne vera noko bra, sendte mail til eigaren av båten og enda opp med å bestilla meg flybillett til Mackay til tysdagen. Bileta over er frå tysdag morgon då eg stod opp klokka 5.30 for å reise å sjå Liverpool v Manchester United. Etter kampen, som godt kunne hatt eit meir spennande resultat, reiste eg til flyplassen og etter ein liten mellomlanding i Brisbane landa eg i Mackay der eg blei plukka opp av Steve og Lynn.

Då me kom fram til båten vart eg meir enn overraska over forfatninga båten var i. Det var rust frå ende til anna og så mykje rot og drit at eg byrja lure på kva eg hadde begitt meg ut i. Steve, som var skippar for turen vår, var og leigd inn og forklarte meg heile situasjonen:

Båten var eigd av Lynn og Marco, men dei hadde ikkje teke ordentleg vare på den dei siste 3-5 år. Dette hadde fleire grunnar, men det som nok er den største var at Lynn hadde fått kreft og hadde vore gjennom ei rekke cellegiftbehandlingar. Marco på si side var no ein 240 kilo tung grekar (kom til Australia som 4 åring) som ikkje hadde vore ute av lugaren sin dei siste 3+åra. Han sitt der inne og badar i sitt eige feitt. Når eg kom inn til han første gang var eg sikker på at eg var komme med i eit amerikansk reality program. Alt dette til tross, Marco var veldig hyggeleg og fortalte meg mange kjekke historiar frå då han reiste rundt i Europa som ungdom. Lynn på si side, tydleg prega av kreften budde no oppe i salongen der ho vekslar mellom sitte/soveplassen sin og utgangsdøra på båten der ho sitt og røykjer som ein skorstein. Men etter nokre dagar ombord blei eg betre kjent med ho og. Ho fortel mykje om seg sjølv og spør om Noreg.

Så kva skulle eg gjera på denne båten? Med tilnærma inga erfaring med båt og skussmål som ein veldig lite handy person var eg no veldig spent på kva mi rolle skulle vera ombord. Rydding var svaret, i allefall stort sett. Eg byrja med å få orden på toppdekket som såg absolutt bomba ut. Ellers hjalp eg dei to andre arbeidarane, Sean og Chris, når dei trengte hjelp med sveising, måling og andre ting.

I dei mailane eg hadde utveksla med Marco blei eg fortalt at me skulle segla allereie dagen etter eg kom ombord, men då hamnepolitiet hadde inspeksjonen sin vart det veldig fort klart at denne planen kunne me sjå langt etter. redningsflåten hadde ikkje vore sjekka på to år, brannslokningsapparata var gamle og det var hol framme i skroget på båten.

Eg har nå vore på båten i 8 dagar og er enda ikkje mykje nærmare avreise, men forhåpentlegvis startar motoren ein gong tidleg i neste veke. I mellomtida lever eg no eit veldig rutineprega liv der dei fleste dagar er veldig like. Eg står opp rundt klokka 6.30 kvar morgon (Bortsett frå når Liverpool har kamp, då må eg opp tidlegare) Startar dagen med kaffe og frukost på den lokale cafeen, som er akkurat som å gå inn i ei scene i Home and Away. "Hello Darling, what can I get you this morning?" og "Here you go my sweet" er fraser eg høyrer kvar morgon. Og veldig hyggeleg er det, tok berre eit par dagar før ho viste korleis eg skal ha både kaffien og egga mine. medan eg et sitt eg på Macen og prøver å oppdatere meg på det som skjer heima av nyhende og kanskje chatta litt med dei som fortsatt er vakne (8 timars tidsforskjell) Etter frukost er det jobb frå 8.30-16.30 med lunsj frå klokka 12.00. Når eg et lunsj med Sean er det ikkje til å komme unna ein pils til kyllingen. eg klarar meg fint med ein, Sean drikk minst 4. Etter jobb slappar eg litt av med boka mi eller macen før eg trenar på toppdekket i ein liten time. Så er det dusjen, middag laga av Lynn og ein tur opp på hotellet der eg får lov å sitta i lobbyen og bruke WIFIen deira. Er stort sett i seng ein plass mellom 22.00 og 23.00.

Sjølv om dagane kan bli litt einsformige er det forhåpentlegvis verdt det etter turen og kveldar som dette er heller ikkje feil når eg høyrer kor mørkt og kaldt det er byrja å bli heima.

Her kjem ein del bilete av båten og den forfatninga den er i no (Skal og laga ein film av skuta seinare)

Snakkast plutseleg

Snakkast plutseleg


 
 
 

Comments


Følg oss
Søk etter tags
Arkiv
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Terje Målsnes. Proudly created with Wix.com

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
bottom of page