SurfCamp Australia
- Terje Målsnes
- 25. okt. 2016
- 1 min lesing

Første fulle veka i Australia gjekk med til ein busstur to timar sørover for Sydney til eit paradis kalla Gerrona og Seven Mile Beach. Der deltok eg på SurfCamp Australia som var fylt med kjekke folk og spesielt instruktørane var fantastiske folk.

Som bilete viser klarar eg faktisk og surfa litt og på denne turen, noko eg er ekstremt nøgd med når eg teke med i betraktning at kneet mitt verker som berre juling ved vanleg gange.
Dessverre var ikkje turen berre kjekk då eg var sengeliggjande i ein og ein halv dag med mageproblem og kaldsveitte. Dei timane der hadde eg veldig lyst heim, men det gjekk heldigvis fort over.

The Americans and I Karen heilt til venstre er foresten Greg frå New York. Ja foresten det var han som prøvde seg på meg på laurdag. Han var veldig nøgd når han fann ut at eg og skulle på denne turen, endå meir nøgd når han fann ut at eg budde på same rom som han og fryd så glad han blei når han fann ut at eg var i senga over han. Men i seriøse tonar: Greg er ein kjernekar og veldig morosam.

Eg prøver å fortelja "Canada" korleis han skal filme

Dette er Connor, eller Canada som alle kallar han. Han er frå Canada.

Ben og Rachel frå England.

High Five

Surfecoach Matty Jones, fantastisk fyr.
No tilbake til Sydney
Snakkast plutseleg.
Comments