Australia
- Terje Målsnes
- 23. okt. 2016
- 2 min lesing
Den fjerde oktober 2016 starta eg ei reise som skulle ta meg til den andre sida av kloden, Australia. Etter nærmare 40 timar på reis, 2 mellomlandingar og dessverre berre eit par boxar landa eg på King Smith Airport i Sydney. Herifrå gjekk ferden vidare til Wake Up! Hostel i hjarta av byen.
Det var no tidleg morgon torsdag sjette oktober og eg hadde bestemt meg for å ikkje bli knekt av jetlag. Eg plasserte tinga mine på rommet mitt, eller vårt bør eg vel seie i og med at det var 5 andre på det aktuelle rommet, så fann eg eit lokalt treningssenter og fekk gjennomført ei ok pluss treningsøkt.
Ein kjapp dusj og ein Italian BMT seinare var eg klar litt sightseeing i ein by eg hadde vore i nesten 6 år tidlegare. Eg gjekk rundt i nabolaget til hostellet og såg i grunn berre på bygningane og gatene. Må sei eg er veldig imponert over mange av bygningane og kor rein denne massive storbyen er. Etter ein liten time med vandring gjekk eg tilbake på hostellet der eg berre så vidt la meg nedpå for å sjekke facebook og kor mange "likes" eg var kommet opp i på den siste Instagram posten min (119 enda eg på) Klokka 03.23 vakna eg, jetlagen tok meg. Heldigvis klarte eg å sovna att før eg stå opp i sju tida.
Fredagen gjekk med til infomøte hjå Work and Travel Company som er dei som hjelper oss reisande tullingar med å bestilla opplevingar og å finna arbeid. Australsk bankkort og SIM-kort pluss ein bestilt tur til SurfCamp Australia var resten den dagen tok med seg. På kvelden var det "pubcrawl" og mingling med backpackers (det er latterleg mange tyskarar her) Resten av helga var ikkje så interessant at det er noko poeng å skrive om det (mest fordi eg skriver dette to veker for seint og hugsar ikkje så godt) Men eg skal fort nemne at eg blei sjekka kraftig opp på laurdagen etter BeerPong-konkurransen, rett nok var det av ein mann, men tek det som det komplimentet det er eg. #egerpen
Sundag var roleg, utanom ein liten tur til Manly beach i kraftig vind, med ein gjeng tyskarar.

Sydney Harbour

Sydney frå ferga til Manly Beach

Engelskmenn og svenske piker

Drivhus

Blanding av nytt og gamalt

Pub

Spenstig arkitektur

You do you!
Neste innlegg vil omhandle SurfCamp Australia.
Snakkast plutseleg
Comments